Råvareprisar til værs, kan påverke fleire byggeprosjekt

Prisane har auka så mykje dei siste månadane, at det kan påverke både kostnader og framdrifta i fleire av byggeprosjekta i fylkeskommunal regi.

Skriv ut

Fylkeskommunedirektøren har i fleire tilfelle den siste tida flagga problemstillinga – seinast i fylkesutvalet måndag. Då vedtok utvalet einstemmig å auke kostnadsramma for bygging av nye ferjekaiar på Eidsdal og Linge med 55 prosent. Ein generell stor prisvekst i marknaden har auka totalkostnaden frå 165 millionar kroner til 255 millionar kroner.

Stålprisane til værs

Både bygg- og eigedomssjef Per Olaf Brækkan og samferdselsdirektør Arild Fuglseth ser at det er kraftig auke i prisar, særleg på stål, utan å kunne seie kva det betyr for totalkostnadane for byggeprosjekta som fylkeskommunen planlegg.

- Berre frå januar til april i år er prisindeksen auka med 60 prosent på varmvalsa plater som vi brukar m.a. ved bygging av nye ferjekaier. Også kamstål som blir brukt til armering av betong er auka med 50 prosent frå januar til april i år. Vi kjenner ikkje utviklinga og konsekvensen dette har for prosjektkostnadane, seier samferdselsdirektøren.

Kamp om dyktige fagfolk

I samferdselsutvalet sitt møte tysdag i førre veke blei politikarane orientert om situasjonen. Prosjektsjef Marianne Nærø sa at dei har eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med mange dyktige fagfolk. Men også at dei opplever utfordringar:

- Det er ein rekordstor aktivitet i Noreg. Det er utruleg mange prosjekt i gang, og det gjer at det er kamp om dei dyktige entreprenørane, men også om fagfolka og byggherreressursane som vi trenger. Det gjer det utfordrande å rekruttere folk med lang erfaring. Men vi ser likevel at Møre og Romsdal fylkeskommune er ein attraktiv arbeidsgivar, og vi klarar oss godt i konkurransen, seier Nærø.

Urovekkande prisvekst

Ho seier at krigen i Ukraina og to år med pandemi gjer det vanskeleg å få tak i råvarer, og kostnadane er i urovekkande endring.

- Og dei endrar seg frå dag til dag, og det er vanskeleg for entreprenørane å gi tilbod og vedstå seg dei i mange månader framover, fordi det er ingen som veit korleis marknaden utviklar seg.

- Kva kan det bety for aktiviteten?

- Det kan skje at vi får færre tilbod fordi entreprenørane ikkje tør å gi frå seg eit tilbod som skal vedstå i tre månadar. Og det kan bety at prisane blir enda høgare fordi det blir mindre konkurranse, seier Nærø.

Kontakt