Protesterer mot overtaking av statlege fiskerihamner

Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune, har i lag med Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark fylkeskommune signert ein felles protest til Samferdselsdepartementet. Dei nektar å overta statlege fiskerihamner fordi dei meiner at dei får for lite pengar til oppgåva.

Skriv ut

Frå 01.01.2020 har Stortinget vedtatt å overføre ansvaret for fiskerihamnene til fylkeskommunane. I forslag til statsbudsjettet 2020 blei det lagt fram 120,5 millionar kroner til fordeling mellom Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark til denne oppgåva.

Dette er ifølge dei involverte regionane alt for lite til at dei skal kunne overta og forvalte fiskerihamnene på ein trygg og god måte.

Dei fire fylkeskommunane har derfor utforma ein felles protestuttale til Samferdselsdepartementet der dei uttrykker at det er direkte uansvarleg å gå inn på ein avtale med staten før rammetilskota blir auka til eit nivå som gjer dei i stand til å ivareta dei nye oppgåvene.

I brevet ber dei om eit møte med Samferdselsministeren og Kommunal- og moderniseringsministeren så snart det er praktisk mogleg. Regionene ønsker dialog for å få på plass dei nødvendige økonomiske rammene.

Kontakt