Plan for klima, areal og transport i Ålesundsregionen er lagt ut til høyring

Plan for klima, areal og transport i Ålesundsregionen (PAKT) er lagt til offentleg ettersyn. Du kan sende inn innspel fram til 8. oktober. 

Skriv ut

Planen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund, Giske og Sula kommunar og Statens vegvesen.

Planen vil etter godkjenning i dei tre kommunestyra og i fylkestinget, ha verknad både som interkommunal plan og som regional plan, i medhald av reglane i plan- og bygningslova, Kap 8, 9 og 11.

Ålesundsregionen er i vekst og utvikling, og folk i regionen bur, arbeider og nyttar ulike tilbod uavhengig av kommunegrensene.

Plan for areal, klima og transport i Ålesundsregionen (PAKT) skal:

  • legge FN sine berekraftmål til grunn
  • sjå arealbruk og transport i samanheng og i eit klimaperspektiv
  • definere mål og strategiar for den framtidige utviklinga i regionen
  • vurdere kvar veksten bør kome
  • vurdere korleis transport­systemet best skal kunne binde ulike område saman.

Prosjektleiar har vore tilsett i Ålesund kommune, som dermed har hatt hovudansvaret for prosess og framdrift.

Kommunen koordinerer også arbeidet med høyringsinnspela, og det er ope for innspel fram til 8. oktober.

Meir informasjon finn du på Ålesund kommune sin høyringsportal

Kontakt