Påskundar utbetring av to fylkesvegar

Fylkeskommunedirektøren ønsker å utbetre to fylkesvegar i Aure og på Smøla.

Skriv ut

Han fryktar konsekvensane av at det blir lagt asfalt før nødvendig førebuande arbeid blir utført. Ei omdisponering av midlar frå ramma for fylkesvegar for å få gjennomføre vedlikehaldsarbeidet, meiner fylkeskommunedirektøren er både meir berekaftig og økonomisk lønnsamt.

Vegane som han prioriterer, er:

  • Fylkesveg 680 mellom Torset og Ulfset, Aure kommune: Kritiske flaskehalsar må djupdrenerast og utvidast i bredda før den planlagde reasfalteringa i haust. Pris på arbeidet: 3,8 millionar kroner. Strekninga Torset-Ulfset er på 7,9 kilometer.
  • Fylkesveg 6200 Hopen-Sør Gulltjønna og fylkesveg 533 Sætran-Pilsbekken, Smøla kommune: Djupstabilisering før eventuell asfaltering. Pris på arbeidet: 1,4 millionar kroner.

Saka skal behandlast i samferdselsutvalet onsdag 1. september.

Fylkeskommunedirektøren gjer i saksframlegget merksam på at det i økonomiplana for 2021 er kutta 15 prosent av midlane til vedlikehald av fylkesvegane. Han frykter konsekvensen; at førebuande arbeid før asfaltering kan bli heilt eller delvis utelatt.

- 60-80 prosent av verdien i driftskontraktane går med til naudsynte driftsoppgåver. Resterande verdi, 20-40 prosent, går til ulike vedlikehaldstiltak. Eit kutt på 15 prosent av kontraktsverdien på driftskontraktane betyr at særleg potten til vedlikehaldstiltak innan vegdrifta blir mindre, skriv fylkeskommunedirektøren.

I tilfellet Smøla gjer han merksam på at det for tida er ein stor maskinpark som jobbar med djupstabilisering og asfaltering på strekninga Sætran-Pilsbekken. Viss ekstramidler ikkje blir tildelt, kan det bli svært kostbart og lite realistisk å flytte maskinparken tilbake til Smøla for å asfaltere den korte strekninga Hopen-Sør Gulltjønna.

Snarvegar

Kontakt