Påmelding til auksjon av auka produksjonskapasitet av laks

No er det mogleg for bodgivarar å registrere seg til auksjonen i august. Frist: 1. juli.

Skriv ut

Auksjonen i 2020 av produksjonskapasitet til akvakultur med matfisk av laks, aure og regnbogeaure blir gjennomført av Fiskeridirektoratet i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet. Auksjonen skal haldast 18. august 2020.

Det er kun mogleg å registrere seg på Fiskeridirektoratet sine nettsider. Fristen er 1. juli 2020 kl. 23:59.

Sjå Fiskeridirektoratets informasjonsside for meir utfyllande informasjon.

Kontakt