Over to millionar kroner til åtte frisklivssentralar i Møre og Romsdal
Åtte kommunar får tilskot til å etablere og utvikle kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod i Møre og Romsdal.
Tildelinga vart vedtatt i kultur- næring- og folkehelseutvalet 14. mars.
Totalt var det ti kommunar som søkte støtte til etablering av frisklivssentralar i 2023. Desse åtte fekk støtte:
Kommune
| Tildeling i kroner |
Aukra kommune
| 120 000 |
Hustadvika kommune
| 390 000 |
Kristiansund kommune
| 220 000 |
Molde kommune
| 440 000 |
Rauma kommune
| 50 000 |
Smøla kommune
| 120 000 |
Sula kommune
| 490 000 |
Ørsta kommune
| 260 000 |
Kompetansehevande tiltak
| 100 000 |
Samla tildeling
| 2 190 000 |
- I år er det gledeleg å kunne gi tilskot til ein frisklivssentral i Sula kommune som er under etablering. Dei får den høgste tildelingssummen slik at dei får kome skikkeleg i gang med etableringa, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar kultur-, næring- og folkehelseutvalet.
Fremme fysisk og psykisk helse
I dag er det tolv frisklivssentralar i Møre og Romsdal; Smøla, Aure, Kristiansund, Hustadvika, Aukra, Molde, Rauma, Ørsta, Volda, Vanylven, Surnadal og Sula.
Frisklivssentralar er ei kommunal helseteneste der målet er å fremme fysisk og psykisk helse, samt å førebygge eller gi tidleg hjelp for å redusere sjansane for at sjukdom blir utvikla. Formålet med ordninga er å legge til rette for at kommunane etablerer og vidareutviklar læring- og meistringstilbod. Desse skal bidra til å fremme helse og livskvalitet, førebygge sjukdom, tidleg intervensjon, og til at brukarane lærer å meistre livet med sjukdom.
Kompetanseheving
Nytt i regelverket i år frå Helsedirektoratet, er at fylkeskommunen kan sette av inntil 100 000 kroner til kompetansehevande tiltak for tilsette i kommunane som jobbar i frisklivssentralar.
Av tildelingssummen på 2,19 var 1,7 millionar kroner friske midlar frå Helsedirektoratet medan 490 000 kroner var overført frå 2022. Samla søkesum var på 3,5 millionar kroner.