Opnar for praterobot i dei vidaregåande skolane
Måndag blir eit nytt verktøy for kunstig intelligens (KI) tilgjengeleg for dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal.
Nasjonal digital læringsarena (NDLA) har lansert ei sikker språkmodellteneste, kjent for mange frå ChatGPT. Det er denne tenesta som blir gjort tilgjengeleg for både elevar og tilsette i MinNDLA frå og med måndag 20. november.
I første omgang vil det være to ulike praterobotar, ein for lærarar og ein for elevar, men fleire kan kome til etter kvart.
Oppfyller personvernkrava
Språkmodelltenesta frå NDLA oppfyller personvernkrava, og skolane kan dermed be elevane bruke denne tenesta i skolesamanheng.
– Vi følger tilrådinga frå NDLA om at elevane brukar denne tenesta for å ivareta personvernet sitt. ChatGPT oppfyller ikkje personvernkrava fordi samtalehistorikken blir lagra hos leverandør, underleverandørar og tredjepartar, og dei deler personopplysningar, seier kompetansesjef Kariann D. Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Retningslinjer for bruk
Sjølv om tenesta frå NDLA består personvernskrava, er det viktig å merke seg at det likevel er retningslinjer for bruk av tenesta.
Tenesta brukar ein språkmodellteknologi frå Microsoft, og er bygd etter same prinsipp som praterobotane til blant anna Randabergskolen og Universitetet i Oslo.
Her er fire punkt som fortel kva ei språkmodellteneste er:
- Språkforståing: Ei språkmodellteneste er ein type kunstig intelligens (KI) som forstår og genererer menneskeleg språk.
- Bruksområde: Teknologien blir brukt i mange applikasjonar, som talegjenkjenning og maskinomsetting.
- Interaksjon med brukarar: Språkmodelltenesta kan hjelpe deg med å finne informasjon og svare på spørsmål.
- Forbetring av innhald: Språkmodelltenesta kan hjelpe deg med å gjere språket betre ved å foreslå endringar eller forbetringar.
(Dei fire punkta om språkmodelltenesta er generert av Møre og Romsdal fylkeskommune sin språkmodellteneste Bing Chat Enterprise, og er språkleg og innhaldsmessig kvalitetssikra av menneske)