Opna ny lysløype i Skodje

Om lag 50 personar møtte opp då Skodje kommune saman med Skodje idrettslag opna den nye lysløypa ved Skodje stadion denne veka. Løypa er på over 2 kilometer og kan nyttast både sommar og vinter. Ordførar Dag Olav Tennfjord stod for den høgtidelege opninga ved å klippe snora.

Skriv ut

Mange møtte opp då den «nye» lysløypa rundt Skodje stadion opna i går. Løypa har vore der sidan midten på 1980-talet, men den har no vorte rehabilitert og fått jamnare og betre dekke, nytt lys, nye sløyfer, eit løeområde med både grillplass og eit lite bibliotek, og eit flott utkikkspunkt utover fjorden. Og ikkje minst har delar av løypa blitt universelt utforma, noko som sikrar at endå fleire kan nytte løypa.  

- Denne løypa er innan gåavstand for veldig mange, noko som gjer den veldig tilgjengeleg, ikkje minst for barnehagar og skolar, sa ein entusiastisk ordførar Dag Olav Tennfjord under opninga. Han var opptatt av verdien eit slikt tilbod har for befolkninga, ikkje minst i eit folkehelseperspektiv.

Det var lagt opp til ei synfaring under opninga, og sjølv om det regna og termometeret ikkje viste mange gradane, var dei frammøtte ivrige på ein spasertur.

- Dette er det perfekte veret for synfaringa, så får de sjå kor godt drenert løypa er, sa ein fornøgd einingsleiar for kultur og folkehelse i kommunen, Magne P. Fylling. Fylling leia programmet for kvelden og heidra dei som har bidratt for å få realisert løypa, ikkje minst eldsjelene i Skodje idrettslag. Fylling har også sjølv vore ein viktig bidragsytar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt 1,5 millionar kroner i spelemidlar til løypa, som hadde eit budsjett på ca. 3,4 millionar kroner.
 

Kontakt