Ønsker at Trollstigen-turistar skal betale for auka trafikksikkerheit

For å få framdrift i sikringa av Trollstigen, foreslår fylkeskommunedirektøren at fv. 63 Trollstigvegen blir ein pilot for besøksbidrag. Pengane skal gå til å finansiere auka trafikksikkerheit på strekninga.

Skriv ut

Saka om alternative løysingar for sikring av Trollstigen kjem til behandling i samferdselsutvalet sitt møte torsdag 29. september.

Fylkeskommunedirektøren innstiller på å sette av seks millionar kroner til eit forprosjekt, som skal gi grunnlag for eit konseptval og vidare planlegging av sikringsarbeidet.

I oppsummeringa av saka skriv fylkeskommunedirektøren om den store oppgåveportefølja og at det er krevjande å skulle finansiere alt:

Vil ha framdrift

«Opprusting av fylkesvegtunnelar etter tunnelsikkerheitsforskrifta, oppgradering av ferjekaier, samt vedlikehald av bruer krev store beløp frå fylkeskommunen. I tillegg kjem mange andre samferdselsoppgåver som fylkeskommunen har. For å få framdrift i sikringa av Trollstigen, vil fylkeskommunedirektøren likevel foreslå:

  • eit forprosjekt for å greie ut alternative sikringstiltak for Trollstigen. Forprosjektkostnaden er estimert til 6 mill. kroner og vert å innarbeide i økonomiplan 2023-2026.
  • å søke sentrale styresmakter om å opprette ein pilot for besøksbidrag til Trollstigen. Besøksbidrag skal gå til tiltak langs fylkesveg 63 mellom Sogge bru og Geiranger.

Ville ha turistskatt vurdert

Forslaget er også eit svar på samferdselsutvalet si bestilling i 2019 «om at det blir starta eit arbeid med utgreiing av eventuell innføring av turistskatt (betaling for fellesgode) i Møre og Romsdal.»

Det er ikkje i dag heimel til å ta inn eit besøksbidrag for å finansiere og utvikle turistområde, men regjeringa har i Hurdalsplattforma sagt at den vil «Sikre lokal verdiskaping og tilrettelegging ved å gi kommuner mulighet til å innføre besøksbidrag. Det skal raskt settes i gang ett eller flere pilotprosjekter, for eksempel i Lofoten, basert på lokalt initiativ.»

Dersom det blir tillate å innføre eit besøksbidrag, vil fylkeskommunedirektøren foreslå at fastbuande langs fylkesveg 63 mellom Sogge bru og Geiranger får eit fripass etter søknad til fylkeskommunen.

To alternativ

I rapporten «Sikring mot steinsprang og isnedfall på fv. 63 Trollstigvegen» av Statens vegvesen i 2019 blir det foreslått to alternativ:

  • Alternativ A: Fjellsikring i dagen dvs. fjellreinsk, sikring og fanggjerde
  • Alternativ B: Tunnel og fanggjerde

Rapporten anbefaler å vente med å velje mellom alternativ A eller B før grundige undersøkingar er utført, og nytt kostnadsoverslag ligg føre. I saksframlegget til samferdselsutvalet blir arbeidet beskrive i detalj.

Viktig med skikkeleg arbeid

«Det vil vere viktig å gjere eit skikkeleg arbeid i eit slikt forprosjekt, fordi elles blir det trong for å starte opp att nesten frå start igjen, på eit seinare tidspunkt», skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget.

Saka skal etter behandling i samferdselsutvalet vidare til fylkesutvalet før endeleg vedtak i fylkestinget 17. oktober.

Snarvegar

Kontakt