Nytt ungdomspanel løftar fram politiske saker i Møre og Romsdal

På siste dag av Ungdommens fylkesting blei det nye ungdomspanelet for 2022/23 valt. Ny leiar er Niels Adon Leenders, 18 år, frå Ulsteinvik. Den nye nestleiaren, Vilde Solbakken Kvalvik, 17 år, kjem frå Kristiansund kommune. No brettar dei opp armane for å løfte fram saker som er viktige for ungdommen i fylket vårt.

Skriv ut

Begge dei nye leiarane brenn for skulepolitikk, betre kollektivtilbod for ungdom i bygd og by, og for eit betre tilbod innan psykisk helse for unge. Den nye leiaren og nestleiaren for ungdomspanelet har vore medlemmar av ungdomspanelet gjennom fleire periodar, og kjenner difor godt til arbeidet som ungdomspanelet gjer. – Vi er gira på oppgåvene, seier dei.

Ungdomspanelet er ungdommens fylkesting sitt arbeidsutval. Dei arbeider med saker mellom årlege Ungdommens fylkesting, og møtes minst seks gongar i året. Gjennom ungdomspanelet får ungdom i Møre og Romsdal reell medverknad på politikk og samfunnsutvikling i kommunar og fylket, dei kan påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommane sitt samfunnsengasjement, og vere med på opplæring og erfaring i demokratiske prosessar. Ungdomspanelet representerer ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå, og har kontakt med ungdom i dei lokale ungdomsråda.

Ungdomspanelet skal vere eit høyrings- og rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune. Ungdomspanelet kan sjølv ta opp saker dei ønsker fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen.

Vanlegvis vert prisen til Årets ungdomsråd tildelt på Ungdommens fylkesting, men dette året har det ikkje blitt levere inn nokon nominasjon.

Ungdomspanelet har ni medlemmar og fem varamedlemmar. Medlemmane vert valt frå representantane på Ungdommens fylkesting og det sittande ungdomspanelet.

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, høsten 2022 til våren 2024:

Faste medlemer:                                                      

Leiar: Niels Adon Leenders         18 år     Ulsteinvik/Mære og Romsdal idrettskrets, MRIK (1 år)

Nestleiar: Vilde Solbakken Kvalvik           17 år     Kristiansund kommune (1 år)

Tuva Johanne Rypdal Hovden    16 år     Vestnes kommune  (1 år)

Kristine Dimmen                           17 år     Sula kommune (1 år)

Rikke Frilund                                 16 år     Rauma kommune  (1 år)

Ola Fredriksen Orset                   16 år     Gjemnes kommune (2 år)

Kasper Dalhaug                            17 år     Volda kommune (2 år)

Mads Ødegaard Harstad             17 år     Kristiansund kommune (2 år)

Nikola Bileska                                17 år     Averøy kommune (2 år)

 

Varamedlemer:                                                        

Ida Fjerstad                                   15 år     Kristiansund kommune (1 år)

Iver Aarebrot                                 15 år     Ålesund kommune (1 år)

Magnus Smørdal                          17 år     Molde kommune (1 år)

Lisa Marie Nikolaisen Roald       15 år     Giske kommune (1 år)

Guro Rørseth Flatmo                   16 år     Hustadvika kommune (1 år)

Kontakt