Nytt kurstilbod hjelper ungdom å finne læreplass

Eit nytt kurs i Kristiansund, Molde, Ålesund og Ørsta skal hjelpe ungdom til finne læreplass og fullføre vidaregåande opplæring. Denne veka møter 100 lærlingar utan læreplass lokalt næringsliv, rådgivarar, NAV og Forum for yrkesfag.

Skriv ut

Tilbodet er eit av fleire tiltak som Møre og Romsdal fylkeskommunen set i gang, etter at fylkestinget i vår løyvde 10 mill. kr til ekstra satsing på læreplassar. Gjennom tre dagar får ungdommen målretta og systematisk hjelp i jakta på ein læreplass.

- Vi ser at mange av ulike grunnar blir ståande utan eit tilbod, og målet vårt er å gripe tak i desse, gi dei ei tilpassa  opplæring og få dei på på rett plass. Kanskje eit dytt eller litt tilrettelegging frå fleire kantar er det som skal til for at dei skal få seg ein læreplass og forhindre at dei fell utanfor, seier Bjørnar Loe, seksjonsleiar Opplæring i bedrift, i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Energi og håp

Eirik Flore Skarseth, som har gått vg 2 bilfag, meiner kurset har gitt han og dei andre deltakarane trua tilbake.

- Det har vore ein keisam sommar og dumt å sjå at vennane dine startar  i ny lærebedrift når du sjølv ikkje har ein. Dette kurset har gitt meg håp og ny energi til å finne læreplass, seier Eirik.

Deltakarane er bevisste på at dei må stå på sjølve, og vere aktive. Det er eit viktig tema på kurset.

- Du må ikkje gi deg sjølv om du får eit nei, sa Jonas Stene Kroken, helse og oppvekstfag.

Lokale bedrifter deltar

Ei rekke lokale bedrifter deltar på kurset, for å møte framtidig arbeidskraft og for å gi råd om korleis ungdom går fram i jakta på ein læreplass. I Molde var Brunvoll på plass.

- Som ei av dei største lærebedriftene i regionen, ønsker vi å ta del i det samfunnsansvaret det er å bidra til å skaffe læreplass til lærlingar. Vi vil vise dei  korleis vi rekrutterer og dele tips og triks som gjer at ungdommane blir oppfatta som attraktive av ein arbeidsgivar. Vi håper også at vi kan vise dei at det langt fleire moglegheiter enn det dei ser akkurat no, seier Marthe Outzen, Konserndirektør HR og kommunikasjon i Brunvoll.

Jakta på framtidig arbeidskraft er også sentral.

- Sjølv om vi har tatt inn dei lærlingane vi treng no i haust, er vi alltid på jakt etter nye talent , seier Marthe Outzen.

Jobbintervju

Deltakarane får opplæring i korleis dei kan skrive søknad og cv og gå på jobbintervju.

- Vi køyrer dette tilbodet samtidig med skolestart, slik at vi følger årsrytmen dei kjenner frå før, og slik at dei kjem i gang, på lik linje med dei som allereie er i jobb eller utdannar seg vidare. Vi skal unngå at dei blir ståande utan eit tilbod, seier seksjonsleiaren.

FAKTA
 
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring i fylket, inkludert fireårig yrkesfagleg utdanningsløp.
  • Fylkeskommunen formidlar søknad om læreplass til bedrifter og opplæringskontor og gir råd og støtte i søkeprosessen, men det er den enkelte lærlingen sitt ansvar å skaffe seg læreplass. Eit støtteapparat med blant andre Opplæringstenesta (OT), Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og NAV hjelper dei som blir ståande utan læreplass.
  • Årleg er det 1300 søkarar til læreplass og om lag 2600 løpande lærekontrakter til ei kvar tid.
  • I 2021 har 1301 elevar søkt læreplass. Per 26. august er har 953 fått lærekontrakt.
  • I april løyvde fylkestinget 10 mill. kr ekstra til ytterlegare tiltak for å hjelpe lærlingar til å få læreplass.
  • Tiltak som er starta opp; Kurs for lærlingar utan læreplass, Knutepunktskolar, Den norske fagarbeidar
  • Reiselivsprosjekt
  • Forslag til arbeidsmesse for lærlingar i 2022
  • Fylkeskommunen bidrar i enkelte bransjar til å opprette prosjekt for å etablere læreplassar
  • Oppretting av vg3-linje der det ikkje lukkast med å skaffe nok læreplassar, dersom det er nok deltakarar

Snarvegar

Kontakt