Ny plan skal gjere det enklare for ungdom å forstå berekraftsmåla

Ungdomspanelet ønsker å gjere det enklare for ungdommar å forstå dei 17 berekraftsmåla. Derfor har dei utarbeidd ungdommens berekraftsplan.

Skriv ut

Planen tar ikkje for seg alt som går innunder dei 17 berekraftsmåla, men trekker fram dei områda som ungdomspanelet meiner er  aller viktigast for ungdom i Møre og Romsdal .  I planen kjem dei med konkrete forslag til både kva vi som enkeltpersonar enkeltpersonar og politikarane kan gjere for å bli meir berekraftige. For kvart mål er det skrive ein kort tekst om kvifor målet er relevant for ungdom i Møre og Romsdal, og nokre tips til kva ungdom kan gjere for å vere meir berekraftige.

–For kvart område har vi med både manglar og forbetringsområde i fylket vårt, og kva som må til for å bli betre. Vi håpar at planen skal bli tatt på alvor av fylkespolitikarane, og dermed resultere i reel forbetring, seier Niels Adon Leenders, nestleiar i ungdomspanelet.

Oppfordrar politikarar til samkøyring

Nokre av forslaga ungdomspanelet har til politikarane er å oppmuntre til samkøyring, forbetre sanitærforholda på skolane og stille større krav til leverandørar om å vere miljøvennlege og sikre grøn og berekraftig økonomisk vekst. Ungdommane meiner politikarane må ta ansvar og samarbeide der dei kan.

Alle må gjere ein innsats

Ungdomspanelet utfordrar ungdom til å ta kortare dusjar, ikkje lade mobilen om natta, kjøpe brukt og dele, samt reparere ting som ikkje fungerer i staden for stadig kjøpe nytt og kaste det gamle.

Med dette ønsker dei at alle forstår at kvar og ein av oss må gjere ein innsats for at samfunnet vi lever i skal vere godt for alle, og at jorda vi lever på skal bli behandla betre.

Arbeidet med planen

–Vi starta arbeidet med berekraftsplanen på framtidslabben i Ålesund, der vi gjennom fleire besøk har idemyldra og skissert ein plan. Denne planen har i løpet av hausten blitt konkretisert. Etter at vi fekk innspel ungdommens fylkesting 2021, vart planen ferdigstilt. Frå og med 1. desember har vi lagt ut alle måla på Facebook og Instagram, avsluttar Leenders.

Du finn alle tiltaka i Ungdommens berekraftsplan på mrfylke.no/politikk

Dette er ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Kontakt