Ny ordning for lærlingar skal betre rekrutteringa til reiselivsnæringa

Eit nytt reiselivsprosjekt skal sikre rekruttering av fagfolk til reiselivsfylket Møre og Romsdal. Ordninga kom i gang etter løyve om ekstra midlar frå fylkestinget.

Skriv ut

- Fylkeskommunen har både hatt problem med å få tak i nok lærebedrifter, med gi lærlingane brei nok praksis og med å skaffe nok lærlingar. Vi har mange reiselivsbedrifter i fylket, men dei er små, og dei fleste har ein kort og intens sesong og verken tid eller råd til å tilsette lærling i to år. Lærlingane har typisk nok blitt ståande i resepsjonen, seier Bjørnar Loe, seksjonsleiar for opplæring i bedrift.

Deler læretida på ulike bedrifter

2020 vart eit kriseår for reiselivsnæringa. Dette gjorde situasjonen for lærlingane i bransjen vanskelegare enn normalt. For å hjelpe reiselivsbedriftene gjennom koronakneika, og sikre god rekruttering av fagfolk, måtte fylkeskommunen ta grep og snu opp ned på den vante måten å tenke lærebedrift på. Fylkestinget vedtok derfor å gi ekstra midlar for å støtte opp om lærlingar i utsette næringar etter Covid-19-pandemien.

-I staden for ei bedrift per lærling, rigga vi ei fleksibel ordning med fleire lærebedrifter som delte på ein lærling. Dermed vart det lågare kostnader per bedrift, og breiare praksis for lærlingen. I tillegg tar opplæringskontoret for sal og reiseliv, store delar av kostnaden, fortel Loe.

Saman med Opplæringskontoret for salg og reiseliv, har reiselivsnæringa gått inn ein samarbeidsavtale om å tilby reiselivsbedrifter lærlingar som skal vere i lære hos fleire, eller i turnus mellom lærebedrifter, i løpet av læretida på to år. «Prosjekt reiseliv» har fått godkjent 20 lærebedrifter innafor reiselivsfaget, og dei har no tatt opp åtte lærlingar som skal gå i turnus mellom reiselivsbedriftene. 

Etter desse to åra kan dei gå opp til fagprøven og få fagbrev i reiselivsfaget.

Ingeborg skal ha læretid i tre forskjellige bedrifter

Ingeborg Bytingsvik har nyleg starta læretida si på Romsdalsmuseet i Molde. Besøker du museet i sommar kan du treffe 18-åringen på jobb.  Ingeborg er akkurat ferdig med VG2 yrkesfag på reiselivslinja ved Romsdal videregående skole. Etter museeet, skal ho vidare til to andre bedrifter.

Ønsker fleire bedrifter velkommen

-Vi er veldig glad for samarbeidsavtalen med Opplæringskontoret for sal og reiseliv og medlemsbedriftene deira. Dette gir reiselivslærlingane våre moglegheiter for ei god og relevant utdanning i reiselivsbransjen, seier Loe. -Dersom det er fleire bedrifter som ønsker å delta i ordninga, er det ikkje for seint. Vi ønsker fleire bedrifter velkommen inn i prosjektet, for å bidra til å bygge fagopplæring innan reiselivsfaget, avsluttar Loe.

Desse bedriftene er med per i dag

Desse bedriftene er med per i dag: 

Storfjord hotellDestinasjon Ålesund og SunnmøreRunde konferansesenter
Strandafjellet AsStranda hotellUteguiden
FjordhagenHåholmen havstuerScandic Kristiansund
DID adventure,Scandic SeiletTrollstigen drift AS
Grand hotel ClassicRomsdalsmuseetMolde næringsforum
Romsdalen ASMolde FjordstuerMolde Jazz
Tusten ASVisit Nordvest 

 Fleire reiselivsbedrifter er på gang til å bli med i prosjektet.

Kontakt