Ny kampanje mot sommarulykkene

- Følg med i trafikken, er hovudbodskapet når ein rekke trafikkaktørar i landet samlar seg bak ein nasjonal dugnad mot trafikkdøden. Ein ny kampanje er no rulla ut.

Skriv ut

- Vi har ingen å miste. Den dramatiske utviklinga dei siste månadane skal snuast. Sommarmånadane er dessverre vanlegvis svært utsette for ulykker, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland om bakgrunnen.

Den nye trafikksikkerheitskampanjen går først og fremst i sosiale media som Facebook, Twitter, Snapchat og Instagram. I tillegg er plakatar med kampanjebodskapet distribuert til overnattingsstadar, bensinstasjonar, trafikkstasjonar og andre plassar over heile landet.

Samla til krisemøte

Etter nedslåande dødstal på norske vegar dei siste månadane, samla vegdirektøren - saman med samferdselsminister Jon-Ivar Nygård - aktørane på trafikksikkeheitsområdet til krisemøte.

Ved halvgått 2022 - 1. juni - viser Vegvesenets tal at 63 personar omkom på norske vegar i årets seks første månadar, som er meir enn ein dobling i forhold til same tidspunkt i fjor.

Blant ei rekke tiltak som er og skal settast i verk, er ein ny strakskampanje retta mot trafikantane. Bakgrunnen er at uoppmerksamheit i trafikken er ein av dei mest hyppige årsakene til trafikkulykker.

Påminning om å vise omsyn

- Vi ønsker å få frem bodskapet til så mange som mogleg på så mange ulike stadar som vi får til. Vi vil at kampanjen skal være ei påminning om å vise omsyn i trafikken og vere merksame, seier vegdirektør Hovland.

Trygg Trafikk, Samferdselsdepartementet, Utrykningspolitiet, NAF og fylkeskommunane er nokre av aktørane som bidreg kraftfullt inn i arbeidet.