Ny forskrift om hausting av tare i Møre og Romsdal og Trøndelag trer i kraft 1. oktober 2019

Dei fylkesvise forskriftene om regulering av tarehausting i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag er oppheva og erstattas av ei ny felles forskrift (j-169-2019) som trer i kraft 1. oktober 2019.

Skriv ut

Ei felles forskrift for Møre og Romsdal og Trøndelag er grunna med omsynet til ei samanhengande og meir brukarvennleg regulering.

Det er Fiskeridirektoratet som har fastsett forskrifta. I forkant har fylkesvise arbeidsgrupper leia av fylkeskommunane utarbeid ei tilråding til Fiskeridirektoratet om inndeling av haustefelt, haustesyklus, hausteplan og forbodsonar.

Tilråding frå fylka

I fastsetting av den nye forskrifta så har Fiskeridirektoratet lagt til grunn tilrådingane frå dei fylkesvise arbeidsgruppene, Havforskingsinstituttet sine faglige tilrådingar, Fiskeridirektoratet sin eigen haustestatistikk og høyringsuttaler som har kome inn til arbeidsgruppene.

Fiskeridirektoratet fastset følgjande regulering i den nye forskrifta:

  1. Fiskeridirektoratet går inn for at haustefelta blir omorganisert slik at alle haustefelt har ei lik breidde frå sør til nord på ei nautisk mil etter heile breiddeminutt.
  2. Det blir lagt til grunn ei hausteplan som sikrar at nabofelt ikkje blir hausta påfølgande år i tråd med Havforskingsinstituttet si anbefaling.
  3. Haustesyklus på 5. år blir vidareført. Fiskeridirektoratet meiner at vidareføring av ein 5 årig syklus er i samsvar Havforskingsinstituttet si rådgiving og er biologisk forsvarleg.
  4. Alle område som var sett av til referanseområde i dei gamle forskriftene blir vidareført.
  5. Alle periodevise og permanente stengingar som var sett av føre-var omsyn for å sikre kysttorsk og yngelvern blir vidareført til Havforskingsinstituttet har data som seier at opning av disse områda er forsvarleg.
  6. Fiskeridirektoratet vidarefører gjeldande system der Havforskingsinstituttet føretek ei tilstandsvurdering av felt før dei blir opna for hausting.
  7. Forskrifta vil fortsatt innehalde ein klausul om at permanente eller periodevise stengingar i medhald av anna vernelovgiving, her også naturmangfaldslova, har forrang.

Digitale kart

I tillegg til ny forskrift er det utarbeid nye digitale kartløysingar. Disse erstattar papirkarta som var vedlegg til dei gamle forskriftene. Dei digitale karta ligg på fiskeridirektoratet.

Kontakt