Nullutslepp blir prioritert i nye kontraktar for kollektivtransporten
Nye kontraktar for kollektivtransporten skal ut på anbod, og det satsast på å fortsette overgangen til nullutslepp på bussane.
Sak om konkurranseutsetting av transporttenester i rutepakke 4 og 5 skal behandlast i møte i samferdselsutvalet 13. november.
FRAM skal no inngå nye kontraktar med busselskap på to store rutepakkar som mellom anna betener ekspresslinjene mellom Kristiansund – Ålesund, og Ålesund – Volda. I tillegg inngår rute- og skolekøyring i fleire kommunar på Sunnmøre. Møre og Romsdal er delt inn i åtte forskjellege rutepakkar for kollektivtransport, som kvar har ei geografisk avgrensing. Som del av anbodsarbeidet blir det sett på moglege punkt der ein kan optimalisere rutene i desse rutepakkane.
Økonomien i fylkeskommunen gir ikkje store moglegheiter for handlingsrom, sjølv om dei nye kontraktane ikkje skal starte opp før i 2026. Dersom den økonomiske situasjonen i fylkeskommunen skulle endre seg før 2026, vil dei nye kontraktane gjere det mogleg og gjere større tiltak for kollektivtilbodet.
Fylkeskommunedirektøren foreslår at overgang til nullutslepp for bussane blir prioritert. Det vil også gjelde langdistansebussane FRAM ekspress. Det er tidlegare vedteken at kollektivtilbodet til det nye sjukehuset på Hjelseth skal styrkast. Dette blir følgt opp.