No kan idrettsutøvarar og klubbar søke om stipend

Er du mellom 16-23 år og ønsker å utvikle deg i idretten din? Då kan du søke på idrettsstipend. Klubbar som har eit høgt aktivitetsnivå og god drift kan òg søke om stipend. 

Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut idrettsstipend som skal gi inspirasjon og motivasjon for enkeltutøvarar til å utvikle seg vidare i idretten sin. Stipenda som går til utøvarane er på 50.000 kroner kvar, og skal gå til ein kvinneleg og ein mannleg idrettsutøvar i alderen 16-23 år.  

-Vi oppmodar søkarar som kan vere aktuelle kandidatar om å søke. Kjenner du nokon som kan vere aktuell,  tips dei om stipendet. Vi har mange flotte kandidatar i fylket som fortener å bli sett, seier Heidi-Iren Wedlo Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Gir motivasjon

Idrettsstipendet blir tildelt ein klubb med eit høgt aktivitetsnivå og god drift, og det er meint å gi motivasjon og inspirasjon til vidare utvikling. Det er mange klubbar som gjer ein god jobb og som fortener støtte. Klubbstipendet er på 50.000 kroner. 

Søknadsfristen er 19.mai 2021. Søkarar kan finne meir informasjon om retningslinjene for stipenda og søknadsskjema på mrfylke.no.

 I 2020 vart stipenda tildelt to unge talentfulle utøvarar, Ragnhild Valle Dahl (22 år), handballspelar frå Hustadvika, og kombinertutøvar Andreas Skoglund (19) frå Molde og omegn idrettsforeining. I tillegg fekk Emblem IL – orientering klubbstipend. 

Snarvegar

Kontakt