No er planen klar - det blir tre fylkesfestivalar i UKM!

Fylkeskommunen vil vise fram mangfaldet og breidda som finst blant unge sine kunst- og kulturuttrykk. I år blir det heile tre fylkesfestivalar i Møre og Romsdal!

Skriv ut

UKM (Ung kultur møtes) er fylket sitt største kulturarrangement for barn og unge, og ein viktig arena både lokalt og regionalt. 

- Vi håpar på stor deltaking med eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk. Med tre festivalar spreidd i heile fylket, trur vi det vil bli lettare for ungdom å vere med. Vi set stor pris på at desse kommunane vil samarbeide med fylkeskommunen om å arrangere festivalane i år, seier UKM fylkeskontaktar Trine Oftedal og Vebjørn Henni i Kulturavdelinga.

I år blir festivalane arrangert i november, i desse kommunane:

  • Hustadvika 6. november
  • Rauma 13. november
  • Ørsta 20. november

Kvar kommune ved sin UKM-kontakt nominerer inn deltakarar, og fylkeskommunen set saman programmet for kvar festival. Innmelding av nominerte må skje innan 20. september.

Er du nysgjerrig på festivalane som vart arrangert i fjor? Dei kan du sjå her. 

Kontakt