Nasjonal konferanse om UNG kunst og kultur til Kristiansund

Siste veka i april neste år kjem heile Kristiansund til å koke av aktivitetar der barn og unge er både utøvarar, målgruppe, publikum og deltakarar. I samarbeid med Kristiansund kommune og Kulturtanken lanserer vi ein ny nasjonal konferanse om kunst og kultur den 27.-29. april.

Skriv ut

Tema for konferansen er unge stemmer, og den tar utgangspunkt i ei stortingsmelding om barne- og ungdomskultur som skal leggast fram hausten 2020. Kulturtanken, Kulturdepartementets fagetat for kunst og kultur til barn og unge har hatt oppdraget med å samle inn barn og unges stemmer (BUSK) til meldinga.

Vil involvere barn og unge

- Kunst og kulturopplevingane skjer både heime, på skolen, i frivillig regi, i offentlege og private kunst- og kulturinstitusjonar og på nett. Derfor må vi sjå på heile feltet saman og involvere alle engasjerte og nysgjerrige vaksne, barn og ungdommar for å høyre kva dei meiner skal til for å få eit tydeleg barne og ungdomsperspektiv på kunst og kulturlivet i Noreg, seier direktør i Kulturtanken Lin Marie Holvik.

Til konferansen i Kristiansund blir organisasjonar, frivillige, barn og unge, og representantar frå forvaltninga og frå kunst og kultur invitert.

Utviklingsarbeid

I tillegg til konferansen blir det arrangement, verkstader i Den kulturelle skolesekken, UKM fylkesfestival i ny drakt og andre spennande godbitar. Fylkeskommunen har over fleire år hatt godt samarbeid med kulturkontaktar i kommunen og i skolen. Dei blir også invitert til konferansen.

- For oss er veka dermed eit ledd i eit større utviklingsarbeid som skal bidra til å forsterke søkelyset på barn og unge i kunst og kulturlivet. Kunst gir barn og unge moglegheit til å uttrykke seg, det utvidar perspektivet deira og dyrkar kreativiteten. Vi er spente på den nye stortingsmeldinga og ser fram til å samarbeide med Kulturtanken om konferansen, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Eigunn Stav-Sætre, kultursjef i Kristiansund, er svært glad for å få vere vertskap for arrangementa. Ho har ein ambisjon om å ta dette endå lenger.

- Vi meiner at eit sterkere nasjonalt fokus vil vere med på å heve statusen og kvaliteten på kunst og kultur som blir skapt for og formidla til barn og unge, og derfor er det utruleg spennande at Kulturtanken og dei andre samarbeidspartane velg å kome hit til Kristiansund til våren, seier kultursjef i Kristiansund, Eigunn Stav-Sætre. 

 

Kontakt