Næringstransporten snart på 2019-nivå

Fylkesvegferjene frakta 285 669 køyretøy i april i år. Næringstransporten er no nesten på nivå med same månad i 2019, medan personbiltrafikken er redusert med 24,5 prosent samanlikna med april 2019. 

Skriv ut

Positivt for næringslivet 

- Tala våre tyder på at næringslivet i Møre og Romsdal er i positiv utvikling på tross av pandemien. Det har vi sett gjennom heile 2021 så langt. På to av dei største sambanda våre, Sykkylven-Magerholm og Aukra-Hollingsholm, var det fleire køyretøy over 6 meter i april 2021 enn det var i april 2019, seier Stig Helle-Tautra, avdelingsleiar for FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Totalt frakta fylkesvegferjene 34 855 køyretøy over 6 meter i april. Det er ein reduksjon på to prosent frå same månad i 2019. Talet er 20,8 prosent høgare enn i april 2020, i starten av pandemien i Noreg.  

Færre personreiser 

Fylkesvegferjene frakta 250 814 køyretøy under seks meter i april. Kvar fjerde personbil er vekke frå ferjedekket samanlikna med april 2019. 

- Det er heilt i tråd med det styresmaktene sine anbefalingar om mindre mobilitet. Vi reiser mindre, både på jobb og privat, samanlikna med tida før pandemien, seier Stig Helle-Tautra. 

Få gjenståande bilar 

Statistikken viser 403 gjenståande bilar i april. Over halvparten av desse er i sambandet Sykkylven-Magerholm og i hovudsak på avgangar morgon og ettermiddag søndag 11. april.  

 

Snarvegar

Kontakt