MMC First Process er «Årets bedrift 2022»
MMC First Process i Fosnavåg og Skodje blei tysdag tildelt fylkesprisen «Årets bedrift 2022».
Vedtaket i kultur-, næring- og folkehelseutvalet var einstemmig.
- Dette er først og fremst ei solid anerkjenning til alle tilsette for jobben som blir gjort, og som gode ambassadørar. Det er for oss ei stor ære å motta ein slik pris, som inspirerer til å halde fram med å ta samfunnsansvar og ha stort engasjement i å utvikle havbruksnæringa, seier Petter Leon Fauske, CEO i MMC First Process.
Utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter seier at verksemda si solide vekst, sterke rolle i regional næringsutvikling, internasjonalisering, miljøprofil og organisasjonsstrategi gjer MMC First Process til ein verdig mottakar av prisen.
- Selskapet har ei sterk rolle i regional næringsutvikling og er ei drivkraft for innovasjon og nyetablering, seier Krogsæter.
Dette er MMC First Process AS
MMC First Process er ei innovativ verksemd som vart etablert i 1997 og har sidan den tid hatt ein solid vekst i både driftsinntekter og resultat. Verksemda har spesialisert seg på å levere utstyr til handtering, prosessering og kjøling av sjømat, og er ein verdsleiande leverandør på området.
Verksemda sine løysingar for fiskevelferd og verdiskaping er utvikla for brønnbåtar, pelagiske båtar, pelagiske prosessanlegg og landbasert oppdrett. Verksemda er svært internasjonalt retta med eit breitt kundespekter, med kundar i alle verdshjørne. Dei fleste kundane finn ein i Nordsjøområdet og resten av Europa, men verksemda har også mange kundar i Asia og Sør-Amerika.
MMC First Process har hatt ein imponerande vekst i driftsinntekter og -resultat, og har dobla inntektene frå 2020 til 2021 frå vel 0,5 mrd. kroner til over 1 mrd. Bedrifta har 226 tilsette der 216 er tilsett i Fosnavåg og Skodje.
Prisen skal motivere og inspirere
Fylkesprisen Årets bedrift skal gå til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Prisen skal bidra til å motivere og inspirere næringslivsleiarar i fylket til innsats for samfunnet.
Tildeling av prisen blir vurdert etter desse kriteria: Bedriftsøkonomisk vurdering, verksemda si rolle i regional næringsutvikling, miljøprofil, organisasjon og leiing, samt strategi for å ta imot lærlingar.
Fylkesordførar og leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet vil overrekke prisen ved opninga av fylkestinget 24. april 2023.
Tidlegare mottakarar
Møre og Romsdal fylkeskommune har sidan 1991 delt ut «Årets bedrift», og sidan 1996 har følgande bedrifter fått prisen:
År | Bedrift | Kommune |
1996 | AS Olivin | Vanylven |
1997 | Ulsteinkonsernet | Ulstein |
1998 | Bussbygg AS | Molde |
1999 | Maritech AS | Averøy |
2000 | Ekornes ASA | Sykkylven |
2001 | I.P. Huse AS | Sandøy |
2002 | Berg Jacobsen Gruppen AS | Molde |
2003 | Hustadmarmor AS | Fræna |
2004 | Hydro Aluminium AS | Sunndal |
2005 | GC Rieber Oils AS | Kristiansund |
2006 | Haugen Bok AS | Volda |
2007 | Brunvoll AS | Molde |
2008 | Odim AS | Hareid |
2009 | Saferoad AS | Ørsta |
2010 | Gjøco AS | Gjemnes |
2011 | Arvid Gjerde AS | Rauma |
2012 | Kleven AS | Ulstein |
2013 | Rindalslist AS | Rindal |
2014 | Ulmatec Pyro AS | Haram |
2015 | Slettvoll Møbler AS | Stranda |
2016 | Tingvollost AS | Tingvoll |
2017 | Volda Maskin AS | Volda |
2018 | Pipelife Norge AS | Surnadal |
2019 | Aas Mek. Verksted AS | Vestnes |
2020 | Norsol AS | Tingvoll |
2021 | Nansen Polar Expeditions AS | Smøla |