Miljøprisen 2023 går til Hogstein Agro
Kompetanse- og næringsutvalet har i dag vedtatt å gi Miljøprisen 2023 til Hogstein Agro. Dei får prisen for å ha utvikla eit produkt som er basert på avfall frå fiskerinæringa, og som reduserer behovet for kunstgjødsel i landbruket.
Giskebedrifta Hogstein Agro, med eigar Odd Christian Stenerud, bidrar til ein vinn-vinn situasjon for landbruksnæringa, fiskerinæringa og miljøet, i følge utvalsleiar i kompetanse- og næringsutvalet, Geir Asle Stenseth.
- Vinnaren av årets miljøpris har funne ein måte å utnytte eit restråstoff på som bidreg til mindre transportbehov og til ein meir berekraftig og sirkulær produksjon av gjødsel til landbruket. Dette er ei miljøsatsing der fiskerinæring og landbruksnæringa jobbar i lag for å lage eit nytt produkt til nytte for landbruket. Ein verkeleg god kandidat til miljøprisen og ein fortent vinnar, seier utvalsleiaren.
Alternativ til kunstgjødsel
Hogstein Agro har sitt utspring i Høgstein Gard på Godøya i Giske kommune. Firmaet har utvikla produktet Urea Gjenbruk der dei brukar restråstoffet urea frå lokal marin oljeproduksjon til gjødsel for landbruket.
Urea kjem i pulverform og inneheld store mengder nitrogen. Det har blitt testa som alternativ til kunstgjødsel med positive resultat.
Brukar lokale verdiar
Kompetanse- og næringsutvalet meiner Hogstein Agro treff godt på fleire av kriteria til Miljøprisen, men spesielt godt på berekraftig utvikling og sirkulærøkonomi.
Dei meiner produktet gir miljøgevinst både ved redusert transportbehov og produksjon av fullgjødsel, og gjennom god utnytting av restråstoff. Det gir god avlingseffekt, og det bidreg til redusert bruk av fullgjødsel.
Utvalet påpeiker at dei marine næringane er store i fylket, og at deira aktivitet bidreg til ein god del restprodukt. I staden for å sjå på dette som avfall, har Hogstein Agro nytta eit restproduktet til ein ressurs. Dette bidrar også til at verdiar blir nytta lokalt.
Møre og Romsdal fylkeskommune har kvart år sidan 2009 delt ut ein miljøpris til nokon som har gjort eit særleg fortenestefullt arbeid innafor områda berekraftig utvikling, klima, biomangfald, forureining eller alternativ og fornybar energi. Miljøprisen skal vere ein stimulans til miljøarbeidet i fylket. Sjølve prisen blir delt ut under fylkestingsamlinga i desember og består av eit kunstverk av ein lokal kunstnar og 15 000 kroner. I år kom det inn forslag til 10 kandidatar som på ulikt vis har vist eit sterkt engasjement for klima og miljø. Sidan 2009 har prisen blitt delt ut til ulike formål og til både enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar.
2022: Nordic Wildfish
2021: Gomalandet SFO
2020: Vartdal Plast AS
2019: Ulrik Sandøy Sørensen
2018: Sødahlhuset AS
2017: Plastfritt Giske
2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS
2015: Stranda Prolog AS
2014: Naturvernforbundet
2013: Standal knuseverk AS
2012: Alv Ottar Folkestad
2011: Norsøk
2010: Olav Bye
2009: Runde miljøsenter