Mads går postvegen frå Bergen til Trondheim

For å auke merksemda rundt Den Trondhjemske postveg, går Mads Heggen (24) frå Ålesund heile den lange strekninga frå Bergen til Trondheim i sommar. Over bakkar og berg, og over fjord og fjell går turen – 700 km med nesten snorrette liner.

Skriv ut

Turen starta frå Bergen 12. juni, og Heggen planlegg å vere framme i Trondheim i løpet av juli. Akkurat kva dag det blir er litt vanskeleg å sei, då han som dei gamle postkarane må ta omsyn til vêrgudane. Han gjekk delar av ruta i fjor, frå Ålesund til Trondheim, men i år går han heile strekninga frå Bergen til Trondheim.

Det har ikkje vore levert post langs denne ruta sidan 1868, men med seg i sekken har Heggen eit postkort til ordførarane i kommunane han passerer på vegen. Her gir han dei ei påminning om kva for eit unikt kulturminne postvegen er. Tysdag 29. juni stoppa Heggen innom varaordførar i Molde, Odd Helge Gangstad, som var femtemann i rekka i Møre og Romsdal til å få overrekt sitt kort.

Dei gamle brottstykka er høgdepunkta

På turen nordover var dei bratte hårnålsvingane opp Ljøbrekka, med si upåklagelege utsikt, blant høgdepunkta. Også turen over gamle Horndøla bru i Hornindal gav meirsmak.

– Innimellom er det slike brottstykke av den gamle postvegen, og det er dei som gjer turen verdt det, seier Heggen. I år, som i fjor, har han fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune til turen. Som ein del av programmet «Ein bit av historia» jobbar fylkeskommunen for å bidra til meir kunnskap om Den Trondhjemske postveg i fylket.

Fransk vegstil

Om ein veit kor ein skal leite, er den gamle postvegen godt synleg i terrenget. Den går for det meste rett fram og ligg ofte nær, eller under, dagens vegtrasé. Vegen er bygga etter fransk byggeskikk som foretrekte rette liner som gjekk på tvers av terrenget. Fleire stader langs vegen i Møre og Romsdal er dei rette linjene framleis tydelege.

Kontakt