Måndag er det skolestart – på grønt nivå

23. august er det skolestart for 10.000 elevar i vidaregåande opplæring i heile fylket. Skolane startar opp med tilnærma normal skolekvardag. 

Skriv ut

Skolestart på grønt nivå betyr at skoledagen kan gjennomførast tilnærma normalt og at elevane ikkje må delast inn i kohortar.

Desse smitteverntiltaka vil framleis gjelde:

  • Ikkje møt på skolen sjølv om du berre har milde symptom.
  • Hald avstand der det er mogleg, og unngå fysisk kontakt.
  • Ha god handhygiene.

Testing erstattar karantene

For elevar på vidaregåande skole kan testing erstatte smittekarantene.

Viss ein person får påvist korona, kan elevar som er nærkontaktar teste seg i staden for å gå i karantene.

Dette gjeld ikkje personar som den smitta bur i lag med eller andre vaksne nærkontaktar. Dei må framleis gå i karantene.

Kommunen sitt ansvar

Det er lokale helsemyndigheiter som har ansvaret for å organisere testinga og bestemme korleis det skal gjennomførast.

Trafikklysmodellen

Skolane følger Utdanningsdirektoratet sin trafikklysmodell, med grønt, gult og raudt nivå. Modellen bestemmer kva smitteverntiltak skolane skal følge.

Snarvegar

Kontakt