Lyser ut totalentreprise for bygging av Spjelkavik Arena

Møre og Romsdal fylkeskommune har lyst ut kontrakt om bygging av ny idrettshall i Spjelkavika, med svarfrist 20.02.2023.

Skriv ut

Fylkestinget har vedtatt ei kostnadsramme på 302 mill. kr. inkludert mva. for prosjektet som skal stå ferdig oktober 2024

Anlegget har allereie fått rammeløyve, og førebuande arbeid med infrastruktur og masseutskifting er sett i gang.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere eigar, med kommune og idrettslag som leigetakar.

  • Idrettshallen er prosjektert med om lag 6600 m2 BTA. Den doble idrettshallen skal ha ni meter innvendig fri høgde.
  • Hallen vil tilfredsstille arenakrav for elite og 1. divisjonsspel i handball, med publikumskapasitet på i overkant av 2000 personar.

Anlegget har ambisiøse klima- og miljømål, til mellom anna klimagassutslepp, materialval, avfallsmengder og energiforbruk.

Omsyn til Spjelkavikvassdraget og drikkevasskjelda Brusdalsvatnet, som er i nærleiken, er ein sentral del av prosjektet.

Idrettshallen skal byggast midt i eit populært aktivitets- og rekreasjonsareal, og sikkerheita til publikum skal ivaretakast

Kontakt