Litt av ein seanse for kunstnarar
Kunstnarleg inspirasjon, kva er det? Kor får vi inspirasjon og idear frå? Kva for impulsar utløyser til ein kunstnarisk prosess og produksjon?
Dette var spørsmål som vart stilt til profesjonelle utøvarar av skapande arbeid som har motteke kunstnarstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune, då dei fortalte om arbeida sine på eit treff ope for publikum på Høgskulen i Volda. Svara spriker breitt, men var i det store og heile knytt til grensesprengande personlege opplevingar, ut frå kvardagslege hendingar. Og det er jo dette som i stor grad er kunstnarane si oppgåve – å glede, provosere, og ikkje minst, hjelpe oss til å sjå verda i eit nytt perspektiv.
Treffet vart dekt direkte både i radio og fjernsyn, og arrangørar var Møre og Romsdal fylkeskommune saman med Seanse i Volda, ein nasjonal utviklingsarena for kunstproduksjon i alle sjangrar. Ambisjonen med arrangementet var å skape ein møteplass mellom kunstnarar på tvers av uttrykk, som kan sparke i gang nye og spennande samarbeid.