Lansering av Horisont Europa i Møre og Romsdal

Korleis kan bedrifter, forskingsmiljø og offentleg sektor i Møre og Romsdal utnytte moglegheitene i EUs nye forskings- og innovasjonsprogram Horisont Europa? Saman med Forskningsrådet, Innovasjon Norge, EU-nettverket Horisont 2020 Nordvest, ÅKP, iKuben, United Future Lab Norway/Ålesund kommune, inviterer fylkeskommunen til regionalt kick-off webinar torsdag 14. april.

Skriv ut

Horisont Europa starta 1. januar 2021, og programmet har eit foreslått totalbudsjett på 95,5 milliardar euro. Norske aktørar kan søke om midlar på same vilkår som aktørar i EU-land. Vi inviterer næringsliv, offentleg sektor, forskarar, klynger, næringshagar og innovasjonsselskap i Møre og Romsdal til

Regional kick-off webinar om Horisont Europa - Møre og Romsdal torsdag 14. april kl. 14.00 – 15.30 (klikk for påmelding og program)

I løpet av webinaret vil du få innblikk i kva Horisont Europa er, hovudinnhaldet i programmet og kva som er relevant for aktørar frå Møre og Romsdal. Frå fylkeskommunens vil fylkesordførar Tove Lise Torve snakke om ambisjonane Møre og Romsdal har for internasjonalt forskings- og innovasjonssamarbeid. Det blir også innlegg om erfaringane frå internasjonalt prosjektsamarbeid, samt tid til spørsmål.

Dersom du vil lese deg opp på førehand, finn du informasjon på EU sine sider her:

https://ec.europa.eu/info/horizon-europe_en

Forskingsrådet har også laga ein presentasjon av EUs rammeprogram her:

https://www.forskningsradet.no/eus-rammeprogram/horisont-europa/

Kontakt