Lanserer ny rusplan i vidaregåande
Med den nye rusplanen har vidaregåande skole, foreldra og elevane fått nye verktøy til å jobbe med førebygging av misbruk.
Den nye planen ligg tilgjengeleg på skolane og fylkeskommunen sine nettsider. I tillegg til er det laga plakatar til skolen og brosjyre til føresette og pårørande. No startar jobben med å ta planen og verktøya i bruk.
- Vi må sørge for at dei aller fleste gjennomfører utdanninga si. Vi veit at rusmiddelbruk kan vere ei utfordring for enkelte, og vi veit at rusbruk kan påverke læringsmiljøet. Derfor må vi jobbe førebyggande, og det kan planen og verktøya hjelpe oss med. Det er viktig både for dei føresette, kommunane, skole og ungdommane sjølve, seier Rose Mari Skarset, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
I den nye planen er det verktøy som er lett å bruke, for alle. Blant anna er det utvikla ein samtalerettleiar, til korleis du kan ta den vanskeleg samtalen om rus. Det er også lista opp teikn og signal til rusbruk, som pårørande, lærarar eller medelevar kan vere bevisste på, dersom dei får mistanke om at nokon slit. Her er også råd om kvar dei kan søke hjelp.
- Korleis er rusbruken på dei vidaregåande skolane i fylket?
- Vi veit at utfordringsbildet er ikkje likt over alt, og at det varierer frå skole til skole. Vi har heller ikkje data frå heile fylket. Det vi kan seie er at tidlegare resultat frå Ungdata undersøkingar viser at alkohol og rusmiddelbruk er ei utfordring blant unge, ikkje minst i russetida.
Frå 2024 kjem nytt kunnskapsgrunnlag om rus for heile fylket. Då vil alle kommunar skal gjennomføre Ungdata-undersøkinga samtidig. Undersøkinga har blant anna alkohol og rus på vidaregåande skole som tema.
Planen og verktøya er utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med KORUS (kompetansesenter rus Midt-Norge), politiet og elev- og lærlingombodet