Kvar skal det vere mogleg å tanke energi i framtida?

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått Klimasatsmidlar frå Miljødirektoratet for å planlegge fylle- og ladeinfrastrukturen for framtidas energistasjonar (hydrogen, biogass og lading) i Møre og Romsdal.

Skriv ut

Planen skal gjelde alle stasjonar, enten dei skal betene privatbilismen, næringslivet eller den offentlege buss- og ferjetransporten. Derfor blir det lagt opp til brei involvering av interessentar.

-Vi kjem til å invitere kommunar, nettselskap, energiprodusentar og aktørar frå næringslivet, slik som verft, hamner, transportselskap, reiarlag, oppdrettsbedrifter og anna industri til å komme med sine innspel. Målet er få oversikt over all aktivitet og alle prosjekt i Møre og Romsdal, slik at vi kan finne ut kvar det er mest hensiktsmessig å plassere fylle- og ladestasjonane i fylket vårt. Ei prioriteringsliste og ein finansieringsplan skal også på plass, seier Lina Vassdal, rådgivar energi i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

-Det er mange initiativ på gang for produksjon av både biogass og hydrogen, og dialogen med desse aktørane blir svært viktig. Det same gjeld dialogen med bedrifter som vurderer bruken av desse energiberarane, seier Vassdal.

Planleggingsfasen startar i løpet av hausten 2021.

Kontakt