Kva er status for satsingane i Møre og Romsdal 2025?

MR2025 er eit program der offentleg sektor samarbeider for å styrke regionen. Fylkeskommunen er programeigar og samarbeider med kommunane i fylket, Statsforvaltaren og andre statlege aktørar. No viser ei undersøking gjennomført av Møreforsking at programmet har hatt ønska effekt.  Her er status for dei ulike delprosjekta.

Skriv ut

Du kan lese meir om undersøkinga til Møreforsking i eigen artikkel

Nyttårskonferansen 2022

Nyttårskonferansen 2022 blir arrangert 11.-12. januar på Scandic Seilet. Programarbeidet er i gang. Foreløpige tema er berekraft, innovasjon i offentleg sektor, utanforskap, digitalisering, samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

Statsetatmøte

Statsetatmøte blir gjennomført to gongar i året, første samling var 22.april. Her var det orienteringar om Berekraftfylket, DigiMR og statlege arbeidsplassar. Andre samling er planlagt som fysisk møte i november.

Digi Møre og Romsdal

Kompetanseløft Møre og Romsdal – Kompetansehevingstiltak på digital transformasjon for toppleiing i kommunane for å legge grunnlag for vidare samarbeid. Læringsplattforma er opna. Det skal vere to samlingar til hausten.

Samarbeid mellom fagnettverka for personvern og informasjonstryggleik for auka kvalitet på fagområdet. Det er også samarbeid om felles innføring av nasjonale komponentar. Kartlegging og deling av gode løysningar på tvers i fylket.

Styrking av Ungt Entreprenørskap

12 kommunar søkte Statsforvaltaren om skjønnsmidlar for satsing på Ungt Entreprenørskap innan fristen 1. juni. Sju kommunar har signert samarbeidsavtale med Ungt Entreprenørskap, og åtte kommunar har gitt tydelege signal om at signering av samarbeidsavtale snart blir gjennomført. Ungt Entreprenørskap og nye samarbeidskommunar arbeider no og framover med å konkretisere aktivitetsoversikter, årshjul og plan for implementering av entreprenørskapsaktivitetar.

Samtidig fortset arbeidet med å inngå samarbeidsavtalar med dei andre kommunane. Målsetninga er at alle kommunane i fylket skal ha ein samarbeidsavtale med Ungt Entreprenørskap innan juni 2022.

Nullvisjon for utanforskap

NTNU har på vegner av Møre og Romsdal 2025, Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda, søkt Regionalt Forskingsfond om hovudprosjekt på tiltak mot fråfall i vgs, basert på forprosjektet som blei gjennomført saman med Kristiansund vgs.

Ørsta kommune utviklar saman med MR2025 eit prosjekt som skal sjå på korleis kommunar kan arbeide for å motverke utanforskap blant barn og unge, med spesielt søkelys på samarbeid mellom forvaltningsaktørar og tverrfagleg inkluderingsarbeid. Prosjektet tar sikte på oppstart i august 2021.

MR2025 skal delta på ein sesjon om utanforskap under The North West i september

Berekraft

Berekraftkartleggingane for alle kommunane er publisert på FN sine nettsider og Berekraftsprofil for Møre og Romsdal er samanfatta og publisert av fylkeskommunen. 28. mai var det live lansering med stor interesse regionalt og nasjonalt.

  • Alle kommunane har blitt oppfordra til å velje et fokusområde frå kartlegginga dei skal jobbe med frå hausten 2021
  • Støtteordning for privat-offentlege samarbeid for å utvikle innovative, berekraftige løysningar etablert
  • Samarbeid med Ungt Entreprenørskap om ei berekraftpakke for ungdomsbedrifter
  • Framleis godt samarbeid nasjonalt og internasjonalt
  • Prosjektkoordinator for Berekraftfylket inngår med 20 prosent i KS-sekretariatet for det nasjonale Berekraftsnettverket ut 2021
  • Deltaking i pilotprosjekt på berekraftig leiing i regi av berekraftsnettverket saman med Trøndelag  hausten 2021.  

Levekårsnettverket i Møre og Romsdal

Nettverket har hatt to møte i 2021. Prosjektutvikling for å legge til rette for fellessatsingar er i gang fram mot neste samling under The North West i september. Der skal også Levekårsnettverket delta i eit arrangement om utanforskap.

Fleire statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal

Prosjektet har lukkast med å få lagt det nyoppretta Eksportstrategirådet til Ålesund. Dei skal møte statsrådar for å drøfte NAV-ombod til Kristiansund og kontor for havbruksfond til Smøla. Menon har levert ein rapport som understrekar at lokalisering av statlege arbeidsplassar er politikk, og at Møre og Romsdal sitt beste kort er å få kompensert bortfall av arbeidsplassar i Kristiansunds-regionen. Menon-rapporten dannar grunnlag for forslag til ny strategi som blir lagt fram for fylkestinget i oktober.

Kontakt