Jaktar på fleire tilsette til fylkesvegmiljøet i Kristiansund

–Campus Kristiansund er noko av det mest spennande som skjer i regionen, og samferdselsområdet er allereie ein del av dette. Vi har etablert eit godt fagmiljø i Kristiansund som løyser oppgåver for heile Møre og Romsdal, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen.

Skriv ut

Fylkesvegavdelinga har rekruttert fleire nye tilsette med kontorstad i Kristiansund, og no i august er det tre nye stillingar som er utlyst.

–Vi skal tilsette ein teamleiar for planleggingsoppgåver av fylkesvegnettet i heile fylket, grunnerverv og geodata. Dette er ei leiarstilling med personalansvar, seier Tønnesen. Dei to andre er stillingar innan byggeleiing. Vi er på jakt etter ein byggeleiar med ansvar  for bruprosjekt og ein byggeleiar med ansvar for driftskontrakt Ytre Nordmøre, der oppgåvene er drift og vedlikehald av vegnettet i området,  fortel Tønnesen.

–Veldig godt arbeidsmiljø

Håvard Greger, Martin Pedersen og Alf Petter Nergård har saman med fleire starta å jobbe i fylkesvegavdelinga i løpet av det siste året. –Vi som jobbar her føler at vi er ein del av campusmiljøet, og vi merkar at no er det ting på gang i Kristiansund. Dette er eit stor løft for byen, seier Greger. 

–Arbeidsmiljøet her er veldig bra, det er ungt og friskt. Det har vore god stemning, til tross for pandemien. Vi jobbar tett mot andre i fylkesvegavdelinga i Ålesund og Molde, og i “by’n oss” er det også mye kontakt med andre fagmiljø som fylkeskommunen no har etablert her på Campus. Vi er ein sosial gjeng som også møtes og som det er kjekt å vere ein del av, fortel Greger.

Varierte arbeidsoppgåver

–Oppgåvene i samferdselsområdet er varierte, vi får nytta spesialkompetansen vår, men blir og utfordra tverrfagleg, vi på campus sit saman med mange ulike fagfolk, seier Pedersen, og får støtte av dei to andre.

–Vi får stort ansvar for eigen arbeidskvardagen vår sjølv i eit resultatorientert miljø, og no skal vi for eksempel vere med på eit prosjekt hos ein anna del av samferdselsområdet. Det blir spennande, seier Pedresen.

Nergård fortel at han gler seg til det blir opna for å reise mellom kontora, etter koronaen. –Det er positivt å kunne vere ein del av eit sterkt fagmiljø i heile Møre og Romsdal og kunne jobbe saman med dyktige kolleger i både Ålesund og Molde, seier Nergård.

Kontakt