Inngår avtale om å kartlegge geologiske ressursar i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune og Norges geologiske undersøkelse (NGU) har inngått ein samarbeidsavtale om kartlegging av dei geologiske ressursane i fylket.

Skriv ut

Avtalen omfattar undersøkingar av mineralpotensialet for jern, titan, vanadium og andre mineralske ressursar, vurdering av moglegheiter for eksportretta pukkproduksjon, kartlegging av geologisk arv for blant anna reiselivet, samt geokjemiske undersøkingar. Geofysiske målingar frå helikopter blir gjennomført allereie i løpet av sommaren.

Avtalen gjeld frå 1. mai i år og har ein samla verdi på 15 millionar kroner over tre år. Utgiftene blir fordelt med 7,5 millionar kroner på kvar part.

Vedtok treårig prosjekt

Kultur-, næring og folkehelseutvalet vedtok i mars at Møre og Romsdal fylkeskommune og Norges geologiske undersøkelse (NGU) skulle starte eit treårig prosjekt for å oppdatere kunnskapen om geologi og mineral i Møre og Romsdal. Kartlegginga av ressurspotensialet i fylket skal legge grunnlaget for mogleg næringsutvikling i framtida.

Behovet for kartlegging er presserande. Det har ikkje vore gjort geologiske undersøkingar og oppdatering av kunnskapen om mineralressursane i Møre og Romsdal av større omfang på mange år. Dei geologiske karta er gamle og med dårleg oppløysing, og Møre og Romsdal har derfor eit mangelfullt kartlagt ressurspotensial.

Viktige ressursar for fylket

Ifølge ei pressmelding frå NGU har Møre og Romsdal i dag nærmare 100 produksjonsstadar av mineralske råvarer. Uttaka er først og fremst retta mot byggeråstoff, spesielt pukk. Også industrimineral, som for eksempel olivin og kalk, er viktige ressursar i fylket.

Ifølge Direktoratet for mineralforvaltning eksporterte fylket mineralske råstoff for 291 millionar kroner i 2020. Møre og Romsdal har, eller har hatt, drift på alle dei overordna typar mineralførekomst; metall, industrimineral, naturstein og byggeråstoffa pukk og grus.

I pressemeldinga skriv NGU også at EU har laga ein oversikt over mineral og metall som er kritiske for europeisk industri, dels på grunn av den økonomiske betydninga, og dels på grunn av ein usikker forsyningssituasjon. På EU si liste står fleire av råstoffa som finst i Møre og Romsdal, for eksempel titan og vanadium, men også sjeldne jordartar (REE) og litium.

 

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.

Snarvegar

Kontakt