Innbyggarar i Kristiansund bidreg i EU-støtta forskingsprosjekt
Innbyggarar i Kristiansund skal dei nærmaste vekene vere med i eit EU-støtta forskingsprosjekt om klimaendringar.
Dei skal delta i ei undersøking for å svare på kva for klimaendringar dei meiner vil påverke innbyggarane sjølve og Kristiansund kommune i framtida, korleis Kristiansund kommune handterer utfordringane i dag, og kva innbyggarane forventar av kommunen i framtida. Og kva gjer innbyggarane for sjølve å bremse effekten av klimaendringane?
Svara skal bli brukt i arbeidet med å lage ein digital tvilling – ein 4D-modell av Kristiansund som skal vise effekten av klimaendringane i eit valt scenario. Dette kan betre forståinga av dei praktiske konsekvensane knytt til klimaendringane og gi betre oversikt til innbyggarar, industri, næringsliv, politikarar og forskarar.
- Målet er å høyre kva befolkninga er bekymra over og kva dei trur konsekvensane er av klimaendringar som dei blir påverka av, seier berekraftsrådgivar Jørgen S. Restad i Kristiansund kommune. Kommunen vil invitere elevar i skolane og passasjerar på Sundbåten til å delta. I tillegg skal kommunen bruke eigne kanalar for å nå ut til tilsette og innbyggarar.
- Det er utruleg spennande at Berekraftsfylket saman med Kristiansund sine innbyggarar kan vere med på både å utvikle og utnytte innovativ teknologi som digital tvilling i ein norsk kontekst. Det vil ha stor overføringsverdi til andre kystnære område i Noreg, seier prosjektleiar Solveig Stornes i Møre og Romsdal fylkeskommune, på seksjon for berekraftig samfunnsutvikling.
Kristiansund deltar i EU-prosjektet CREST saman med Møre og Romsdal fylkeskommune og byane Kolobrzeg i Polen og Bordeaux i Frankrike. Det blir gjennomført liknande innbyggar-undersøkingar i Kolobrzeg og Bordeaux.
CREST-prosjektet høyrer til EU-programmet JPI Urban Europe og har sju prosjektpartnarar fordelt på Noreg, Polen og Frankrike. Prosjektperioden er frå april 2022 til april 2025, og med eit totalbudsjett på 1.150.079 euro. Møre og Romsdal fylkeskommune sitt budsjett er på 99.000 euro.
For innbyggarar i Kristiansund: Ta undersøkelsen og fortel korleis du meiner klimaendringane påverkar- eller ikkje påverkar byen. Link: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=l-_LO6psVUW-fN-gAGjA0FgWJPDM8AVIqsiwm9pmR_RUMTdZUDFWTDRFUlRMSVZUOE9BOE9aV1VBVS4u