Her løftar åtti ungdommar frå heile fylket fram si politiske stemme

Ungdommens fylkesting i Møre og Romdal er i gang for andre dag på rad, med rundt åtti deltakarar frå nord til sør i fylket. Klima, kollektivtilbod, skolepolitikk, psykisk helse, seksualundervisning og piggsvina sine kår, er blant sakene som opptar ungdommen.

Skriv ut

Det er eit breitt utval saker som er oppe til drøfting, frå skuleskyss utan for lang ventetid, skulepolitikk, miljøvern og klimatiltak i smått og stort, tiltak for å betre tilbodet innan psykisk helse, til seksualundervisning og rolleforståing, og tiltak for å betre situasjonen for trafikkutsette piggsvin.

Hovudoppgåva for Ungdommens fylkesting i dag er gruppearbeid, der ungdommen kjem med innspel til handlingsprogrammet som vert lagt fram på søndag. Handlingsprogrammet er plattforma for det vidare arbeidet i ungdomspanelet fram til neste Ungdommens fylkesting om eit år. I morgon vert det nye ungdomspanelet for 2022 valt.

- Ungdommen blir høyrt

Nordmøringen Theodor Engvik frå Tustna i Aure deltar på fylkestinget for fyrste gong. 16-åringen finn det svært lærerikt å vere deltakar, for her får han eit innblikk i korleis andre unge rundt omkring i fylket har det i kvardagen sin. – Det er eit veldig sterkt samhald her, og det lovar godt for det politiske klimaet i framtida, seier han. Han er medlem i ungdomsrådet i heimkommunen.

Nora Holtleite frå Fjord kommune på Sunnmøre, straks 18 år, møter på Ungdommens fylkesting for andre året på rad. – Dette er større enn å vere med i ungdomsrådet. Her får eg løfte fram saker som fråværsgrense på skulen, seksualundervisning blant unge nedover i alderstrinna for å lære om grensesetting og rollar, og så vidare, seier ho. Nora er også aktiv i elevrådet på skulen sin.

Michael Valentin Bringslid-Kejzar kjem frå Hustadvika kommune i Romsdal, og 13-åringen er med på fylkestinget for første gong. Han er også med i ungdomsrådet i heimkommunen, og elevrådet på skulen sin. – Det er spennande for meg som er såpass ung å vere her, og interessant å få eit innblikk i den politiske kvardagen til andre ungdommar. Eg brenn for samferdsel, og for miljøtiltak i landbruksnæringa, seier han. Kvifor han vart politisk aktiv så ung veit han ikkje. – Eg var nok berre fanga inn i det, smiler han.

Ønsker fleire med

Dei tre ungdommane meiner det er viktig at ungdommen engasjerer seg politisk. Dei opplever å bli høyrt av etablerte lokalpolitikarar og fylkespolitikarar gjennom aktiviteten sin i kommunale ungdomsråd og Ungdommens fylkesting. Dei peikar også på den venskapelege og gode stemninga på Ungdsommens fylkesting i år, der dei både får bryte meiningar, men der dei også løftar kvarandre opp og heier kvarandre fram!

Kontakt