Godkjente vidare jobb med Børdalslinja

Samferdselsutvalet har godkjent at kommunane Fjord, Stranda og Ålesund kan jobbe vidare med Børdalslinja.

Skriv ut

Børdalslinja er ønska ny veg mellom Sjøholt og Viset på fylkesveg 650, men er ikkje prioritert for gjennomføring med fylkeskommunal finansiering. Saman med fleire andre store prosjekt er Børdalslinja i den uprioriterte sekkeposten «Fjordkryssingar og andre store prosjekt». Realisering av uprioriterte prosjekt er føresett sjølvfinansierande.

For at prosjektet kan passere behovsfasen, må kommunane få godkjenning av fylkeskommunen som vegeigar.

Med vedtaket i onsdagens møte har eit samrøystes samferdselsutval gitt klarsignal til at Børdalslinja kan gå over i neste fase av prosessen, som er konseptval.

Snarvegar

Kontakt