Godkjente kontrakt og ny kostnadsramme for Nerlandsøybrua

Møre og Romsdal fylkeskommune kan no skrive kontrakt med arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS om bygging av Nerlandsøybrua.

Skriv ut

Det er klart etter møtet i fylkestinget måndag.

Samtidig vedtok fylkestinget ny kostnadsramme for prosjektet, som er på 826 millionar 2022-kroner. Styringsramma (venta kostnad) er 18 prosent høgare enn byggherreoverslaget, og fylkeskommunedirektøren skriv i saksframlegget at «Hovudårsaken til auken frå byggherreoverslag, er at prisane for stål og betong som ligg i tilbodet har auka vesentleg meir enn den generelle prisindeksen for Veganlegg i alt».

I kontrakten er fristen for ferdigstilling av den nye Nerlandsøybrua sett til 1. mars 2025.

Prosjektet er planlagt med fire opsjonar, og det er vedtatt å bygge alle fire:

  • Busslomme og gang- og sykkelveg på Kvalsundsida (vest for ny veg), om lag 150 meter.
  • Busslomme og gang- og sykkelveg på Igesundsida (sør for ny veg, ved nytt kryss), om lag 100 meter.
  • Busslomme og gang- og sykkelveg på Igesundsida (nord for ny veg), om lag 240 meter
  • Omlegging av veg, Igesundvegen, om lag 100 meter

Samla kostnad for opsjonane er i underkant av 9 millionar kroner.

Fylkestinget vedtok i same sak at «Fylkestinget føresett vidare at det ved framtidige kontraktar vert ein tettare dialog med marknaden. Gjennom bruk av til dømes innovasjon- og samspel som kan vere med å skape nye regionale arbeidsplassar og dempe den kraftige prisauken i prosjekta.

Fylkestinget føresett og at fylkeskommunen er tettare- og tidleg med verdianalyse og reguleringsarbeid slik at ein bidreg til å finne dei mest kostnadseffektive løysingane.»

Vedtaket i fylkestinget var einstemmig.

Snarvegar

Kontakt