Gir støtte for å få fleire arbeidsplassar i Aukra og Midsund

Aukra næringsforum får 1, 65 mill. kroner i støtte til eit prosjekt som skal skape fleire arbeidsplassar i Aukra kommune og Midsund i Molde kommune.  Dette vart einstemmig vedtatt i kultur-, næring- og folkehelseutvalet denne veka.

Skriv ut

For både Midsund og Aukra kommune har det vore ein negativ utvikling i talet på arbeidsplassar i næringslivet over dei siste åra.

Har mista store hjørnesteinsbedrifter

Den negative utviklinga vart forsterka i 2020, med nedlegging av store hjørnesteinsbedrifter begge stadane. Då Vard Aukra vart lagt ned, mista Aukra om lag 100 arbeidsplassar. I Midsund vart National Oilwell sin produksjon på Midsund (tidlegare Midsund bruk) lagt ned, og med det forsvann over førti arbeidsplassar i Midsund.

Skal arbeide for auka samarbeid og lokalt næringsliv

Prosjektet som no har fått støtte er forankra i kommunane Molde og Aukra, Midsund næringsforum og i Aukra næringsforum. I prosjektet er det eit mål om å skape nye arbeidsplassar gjennom å utvikle og legge til rette for lokalt næringsliv og eit auka samarbeid mellom lokale aktørar. Prosjektet skal skape nye møteplassar, identifisere omstillings- og kompetansebehov i næringslivet og utgreie moglegheitene innan nye bransjar og forretningsområde.

Du kan lese meir om saka  i saksframlegget

Kontakt