Fylkesutvalet vil ha E-39 Blindheim – Breivika lagt inn i Nasjonal Transportplan

Fylkesutvalet vedtok i dag ein uttale der dei krev at E-39 Blindheim- Breivika inkl. Veibustkrysset blir lagt inn i Nasjonal transportplan 2022-2033.

Skriv ut

I uttalen står det:  

«Fylkesutvalet viser til dei svært store utfordringane ved trafikktilhøva på E-39 Blindheim- Breivika og spesielt Veibustkrysset, der det er ca. 30 000 bilar i døgnet og svært store utfordringar for næringslivet spesielt.

Møre og Romsdal fylkeskommune har registrert at regjeringa har teke ut E-39 Blindheim - Breivika og Veibustkrysset ut av NTP, og kan ikkje akseptere dette.

Møre og Romsdal fylkeskommune krev at E-39 Blindheim- Breivika inkl. Veibustkrysset blir lagt inn i NTP, og ber alle parti i fylket sørge for dette blir gjennomført.»

Uttalen vart vedteke mot ei stemme (MDG).

Nasjonal transportplan 2022- 2033 blir behandla i Stortinget 14. juni.  

Kontakt