Fylkeskommunen går inn i driftsselskapet Campus Kristiansund

Fylkeskommunedirektøren går inn for at Møre og Romsdal fylkeskommune teiknar aksjar for 2,5 mill. kroner i driftsselskapet Campus Kristiansund. Saka skal først opp i fylkesutvalet i neste veke, medan det er fylkestinget som gjer endeleg vedtak 14. juni.

Skriv ut

Aksjekapitalen tilsvarar eit eigarskap på 50 prosent i selskapet, og det er set som ein føresetnad at Devoldholmen utvikling A/S går inn med same eigardel.

Fylkeskommunen vil forsette satsinga på Campus Kristiansund

Campus Kristiansund har i lang tid vore eit satsingsområde for fylkeskommunen med mål om å sikre ei langsiktig løysing for høgare utdanning på Nordmøre, og for å utvikle samarbeidet mellom kompetansemiljø i forsking og innovativt næringsliv. Campus Kristiansund skal også bidra til å sikre Nordmøre den kompetansen privat og offentleg sektor etterspør, og bygge opp felles nettverk og arenaer for prosjektutvikling og kunnskapsdeling.

Fylkeskommunedirektøren meiner det er viktig at fylkeskommunen framleis har ei sentral rolle i å utvikle Campus Kristiansund og at det er ikkje automatikk i at måla for prosjektet blir nådd, berre ved å få på plass første byggesteg.

Driftsselskapet skal vidareutvikle Campus

Driftsselskapet skal sikre godt førebudd overtaking av bygget frå entreprenøren når det står ferdig, og samtidig sørge for at ein så raskt som mogeleg kjem i gang med aktivitet som underbygger måla med Campus.

Selskapet skal ha som formål å oppnå synergieffekt og kunnskapsdeling for leigetakarar og studentar på Campus Kristiansund, og å forvalte, bygge og utvikle campusprofilen vidare. Selskapet skal støtte oppunder vidare utvikling av nettverk og samarbeid på campus, og legge til rette for samhandling i fellesareal.

Det er gjort avtale om at dagleg leiar for selskapet blir engasjert frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Dagleg leiar vil mellom anna få ansvar for å delta i arbeidet med å få fleire leietakarar til Campusbygget, prosjektutvikling av dei neste byggestega og å skape aktivitetar i Campus.

Du kan lese heile saksframlegget på mrfylke.no/politikk

Kontakt