Fylkeskommunen fekk over 250  søknadar om krisehjelp frå kulturlivet

Som den einaste fylkeskommunen i landet, lanserte Møre og Romsdal ein tiltakspakke for kultur, idrett og frivillig sektor, på totalt 22 mill. kr, for å dempe effekten av koronaepidemien. Mesteparten vil gå til digital formidling av kunst og kultur og til kompensasjon for tapte inntekter.

Skriv ut

Då det som skulle bli tidenes beste vår og sommar for kulturlivet snudde til store inntektstap og ei uro for framtida, lanserte fylkeskommunen tidenes første og største krisepakke til kulturlivet, på totalt 22 mill. kroner. 12 mill. kroner til digital formidling av kunst og kultur, og 10 millionar til ulike kulturtiltak og kompensasjon for inntektstap.  

Hittil er det kome inn 251 søknadar på total 52,34 mill. kr.

- Dette viser at behovet for støtte er enormt, og vi håpar at tilskota bidrar til å halde aktiviteten i gang og til å hjelpe kulturlivet, på både kort og lang sikt. Mange av tildelingane våre går til aktørar som ikkje kvalifiserer til nasjonale støtteordningar, og er derfor ekstra viktig, seier Hilde Hernes Hovland, kontorsjef i kulturavdelinga.

Unik i landet

- Møre og Romsdal er det einaste fylket i landet som har lansert ei tiltakspakke av eit slikt omfang. Det er ei anerkjenning av sektoren sin rolle. Når kulturlivet får ein bråstopp, går det ut over alt frå restaurant, overnatting-, reiselivsbransjen til turisme generelt.  Både folk og næringsliv i Møre og Romsdal treng eit levande kulturliv, og vi vil bidra for å hjelpe dei gjennom krisa, seier kontorsjefen.

Flest søknadar fekk ordninga Digital formidling av kunst og kultur. Ordninga skil seg positivt ut nasjonalt, ved at alle aktørar i heile verdikjeda kan søke. Dei som får tilskot kan gjennomføre prosjektet sitt  innan 2020.

I søkebunken ligg det mellom anna søknadar om støtte til å utvikle digitale scener, streaming av kunstproduksjonar, tilrettelegging av produksjonar til digitale flater, frå alt frå frie kunstnarar, institusjonar, festivalar og spel til leverandørar av utstyr.

- Vi har 12 mill. kroner til fordeling på 85 søknadar og ein samla søknadssum på 32,4 mill. kroner, seier rådgjevar Camilla Wiik.  

- Som vi alle har sett på sosiale media har digital formidling av kultur skote fart dei siste månadane. Mange kunstnarar ser dei må tenke annleis for å nå sitt publikum og tilskota våre skal bidra til å halde aktiviteten oppe på nye plattformer og arenaer, seier Camilla Wiik.

Kontakt