Fv. 63 Trollstigen opnar til pinsehelga

Møre og Romsdal fylkeskommune opnar fv. 63 over Trollstigen for sommarsesongen fredag 21. mai kl. 12.

Skriv ut

- Opning av vegen i andre halvdel av mai er som normalt. Det er ein viktig veg for reiselivet i Møre og Romsdal, difor er vi veldig glade for at vi kan opne han til pinsehelga, seier byggeleiar Roar Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Årets vinter var snøfattig heilt til det store snøfallet i april. Det gjorde at skredfare har vore ei utfordring for rydding og opning også i år. No har isen i fjellsida smelta og dei siste fonnene gjekk på vegen sist helg.

Blir stengt for reparasjonar

Trollstigen blir stengt onsdag 26. mai frå klokka 18 og utover kvelden for å reparere skadar etter snøskreda. Oppdatert trafikkinformasjon på www.175.no.

Opning av Trollstigen dei siste 10 åra

ÅrstalDato
201113. mai
2012

1.juni

201322. mai
20148. mai
201513. mai
201625. mai
201724. mai
201811. mai
201916. mai
202012. juni
202121. mai

 

Snarvegar

Kontakt