Frivilligheita sitt år: Oppfordrar til stor lysfest i heile fylket

Møre og Romsdal fylkeskommune oppfordrar kommunar, organisasjonar og næringslivet til å lyse opp heile fylket for å markere starten på Frivilligheita sitt år, 5. desember.

Skriv ut

Den nasjonale markeringa startar søndag 5.desember, på FN sin internasjonale frivilligdag, og vert avslutta på same dato i 2022. Året skal feire det viktige lagarbeidet som alle dei frivillige bidrar med. Møre og Romsdal fylkeskommune oppfordrar til å markere oppstartsdagen med ein lysfest som for eksempel lysmarsj med hodelykt eller faklar, eller vardebrenning.   

Lyse opp heile fylket

- Ein lysfest midt i den mørkaste årstida er ei fin innleiing av året. No ønsker vi at kommunar og organisasjonar blir med og lyser opp samfunnet sitt på ein fin og trygg måte. Vi håper også at året skal bidra til å auke deltakinga i frivillige organisasjonar. Det er ikkje minst viktig etter pandemien, som har ramma frivilligheita hardt, seier leiar for seksjon for folkehelse, idrett og friluftsliv, Rigmor Hustad Holen. Ho understreker at vardebrenninga sjølvsagt må skje på ein trygg måte og på rett plass.

Aktivitetar heile året

Det er Frivillighet Norge som har regien på den nasjonale markeringa, og gjennom året vil det bli mange aktivitetar, både i fylket og elles i landet.

I Møre og Romsdal skal frivilligheita få eit særleg løft i veke 23, kalla ‘Vår veke’. Dette vil vere ei veke kor frivillige lag og organisasjonar har markeringar i heile fylket og viser fram aktiviteten sin.

Viktig for lokalsamfunna

- Vi veit alle at frivillige i heile Møre og Romsdal gjer ein enorm innsats for å skape gode, inkluderande og trygge lokalsamfunn. Vi er difor svært glade for å kunne vere med på markeringa av dette året, seier Marit Nerås Krogsæter, som både er leiar i kultur,- nærings,- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune og leiar i arbeidsgruppa for fylkeskommunen si markering. 

- Vi ynskjer å synleggjere den frivillige innsatsen som vert gjort i fylket. Eg gler meg til å sjå kva vi får til, og det blir spennande å sjå korleis kommunar og organisasjonar vil markere året, seier Nerås Krogsæter.

Ho oppmodar alle om å starte planlegginga av ‘Vår veke’ i veke 23, anten åleine eller saman med andre. Ho oppmodar og organisasjonane til å invitere kommunane til å bli med på festen.

Snarvegar

Kontakt