Framdørene på bussane i Kristiansund, Averøy og Aure blir opna igjen frå 16. oktober

Smittesituasjonen er betra, og framdørene på bussane i områda Kristiansund, Averøy og på rute 821 Kristiansund-Tustna-Aure-Kjørsvikbugen blir opna igjen frå fredag morgon.

Skriv ut

Dermed vil framdørene på alle bussane i Møre og Romsdal vere opne igjen frå fredag morgon, og det blir mogleg å kjøpe billett av sjåføren, lese av reisekort og billetten i FRAM-appen igjen.

Som smitteverntiltak ber vi fortsatt reisande som kan om å kjøpe billetten på førehand. Bruk framdøra til å gå på bussen, hald god avstand til sjåførane og andre reisande, og bruk bakdøra til å gå av bussen.

For oppdatert informasjon om kollektivtilbodet, gå inn på frammr.no eller ring FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

Snarvegar

Kontakt