FRAM ønsker å vite meir om reisevanane dine

Korleis kjem du deg dit du skal? Reiser du kollektivt, med bil, el-sykkel eller sparkesykkel? Eller kanskje du går eller syklar på ein vanleg sykkel? Reiser du meir eller mindre enn du gjorde før pandemien? Og kor mykje trur du at du vil reise framover?

Skriv ut

FRAM har laga ei spørreundersøking for å finne ut meir om reisevanane til folk i Møre og Romsdal, og set stor pris på om du vil bruke 5-6 minutt på å svare på  kundeundersøkinga.

Vi treng tilbakemelding både frå dei som reiser ofte, av og til, sjeldan eller aldri.

Klikk på lenka for å svare.

Undersøkinga vil gi FRAM viktig kunnskap om noverande og framtidige reisevanar, og dette har betydning når kollektivtilbodet skal utviklast vidare.