Flotte konferansedagar i Kristiansund om endring i kultursektoren for barn og unge

Torsdag 10. november samla 250 deltakarar frå heile landet seg på Kulturfabrikken i Kristiansund for å bli inspirert og snakke om korleis kultursektoren må endre seg for å gi eit godt kunst- og kulturtilbod til barn og unge.

Skriv ut

- Vi er glade og stolte over å få samarbeide med Kulturtanken om dette arrangementet og takkar dei for at dei valde å arrangere konferansen i Kristiansund, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, fylkeskulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune

Både Møre og Romsdal fylkeskommune og Kristiansund kommune har vore med i programkomiteen for konferansen og er glade for å kunne presentere nokon av prosjekta som blir jobba med innan UNG kunst og kultur.

- Vi fekk satt fingeren på ein del punkt vi ønska å undersøke nærare og som vi trenge meir informasjon om i jobben vår med barn og unge. Slik sikrar vi ei betre forståing og samanheng mellom administrasjon og feltet. Ikkje minst er det viktig at vi vaksne er nysgjerrige på kven dagens unge er, sidan denne målgruppa er i konstant endring. Det vil hjelpe oss lage eit meir treffande tilbod og sørge for medverknad på ein god måte, seier Toril Skram i Kristiansund kommune.

Tettpakka program

Det var lagt opp til eit variert og ambisiøst program på konferansen, som skodespelar og manusforfattar Sigrid Alnæs frå Kristiansund losa deltakarane gjennom med stil.  

Torsdag kveld var det presentasjon av rapporten «UNG2023» frå Opinion, kritiske blikk på medverknad med utgangspunkt i boka «Diktatoren» av Ulf Stark og ein variant av NRK-programmet «Ikke spør om det», berre med tema Den kulturelle skolesekken (DKS). Kvelden blei avslutta på storstilt vis med «Frå småby til Wembley», eit helt nytt rocketeater som er skapt saman med bandet Revolt frå Molde av dramatikar og regissør Eldrid Kvalvik frå Kristiansund.

Fredag starta med ei omsyning hos Bakgården ungdomshus. Her fortalte Kristiansund kommune korleis dei har jobba med utprøving og medverknad saman med ungdommar for å skape eit nytt og relevant ungdomstilbod i kommunen. Konferansen hadde også film frå Ulstein arena som la vekt på at å jobbe med kunst og kultur er å jobbe med folkehelse. Filmkunstnar Sverre Mollan hadde ein presentasjon av sin interaktive film “Fylgja”, som er utvikla gjennom DKS og eit systematisk samarbeid med elevar frå Atlanten ungdomsskole. Vi fekk også høyre om samarbeidsprosjektet «Inkluderende datakultur» mellom Ungdom og Fritid, UKM, det digitale kulturhuset NOVA og KRED (Kompetanse- og ressurssenter for e-sport og datakultur).

Grubleseminar før konferansen

Onsdag kveld og torsdag før konferansen var 73 deltakarar samla til grubleseminar om korleis kultursektoren kan bli meir relevante for barn og unge. Det sette fylkeskulturdirektør Wedlog Olsen pris på:

- Det er viktig å gi alle barn og unge tilgang til eit breitt og mangfaldig kulturtilbod med høg kvalitet, aktualitet og relevans. Å få moglegheit til å gruble saman med andre om korleis vi kan få til endring, utvikling og verdiskaping innan UNG kunst og kultur har stor verdi for det vidare arbeidet med feltet i Møre og Romsdal.

Kontakt