Ferjetrafikken tilbake på 2019-nivå

Statistikken for fylkesvegferjene i Møre og Romsdal så langt i år viser at trafikken er tilbake på 2019-nivå, som kan reknast som eit normalår.

Skriv ut

Det har vore knytt spaning til korleis vedtaket om gratisferje for ferjesamband med færre enn 100 000 passasjerar ville påverke trafikken, og om det ville føre til kapasitetsutfordringar på dei aktuelle sambanda.

- Statistikken viser at det har vore svært få utfordringar denne sommaren, noko som truleg skuldast det dårlege sommarvêret og at fleire nordmenn reiste utanlands etter oppheving av reiserestriksjonane, seier seksjonsleiar for drift i FRAM, i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig.

Attståande bilar

Talet attståande køyretøy på fylkesvegsambanda i dei åtte første månadane i 2022 var 27 964 mot 26 040 attståande i 2021. Ser ein tilbake til 2019 var talet attståande køyretøy i desse månadane 31 654.

Servicegraden for fylkesvegferjene, sett under eitt i årets åtte første månader, er 99 prosent. Servicegraden i eit samband er utrekna som 100 minus prosentvis attståande køyretøy. Som i tidlegare år er det Eidsdal-Linge som har den lågaste servicegraden, 87,7 prosent. Dette er grunna den store sommartrafikken i sambandet.

Meir stabilt tilbod

Regulariteten i ferjetrafikken målast ved å sette talet på innstilte avgangar opp mot talet gjennomførte avgangar i ein gitt periode. Regulariteten for fylkesvegferjesambanda i årets åtte første månader var på 99,5 prosent. Ei betring frå 1. tertial på 0,3 prosentpoeng. Når ein tek omsyn til innstillingar grunna vêrforhold er regulariteten på 99,8 prosent.

Talet innstilte avgangar i 2. tertial var 380 mot 980 i 1. tertial. I 2. tertial skuldast 282 av dei innstilte avgangane tekniske problem og 82 innstilte avgangar skuldast i hovudsak bygging av nye ferjekaier.  

Snarvegar

Kontakt