Ferjetrafikken på veg opp etter koronaen

Talet på kjøretøy på fylkesvegferjene i Møre og Romsdal er på veg oppover etter koronaen. Men etter årets ti første månader er biltrafikken framleis under nivået før pandemien. 

Skriv ut

Det viser statistikken etter oktobermånaden for ferjene som trafikkerer dei 22 fylkesvegsambanda. 

Oktober-trafikken i 2021, samanlikna med 2019 

Oktobertrafikken i år var samla sett 0,8 prosent betre enn oktober i 2019, altså før koronaen. Av dei ti mest trafikkerte sambanda i fylket, hadde seks ein auke i trafikken. Dei seks er: 

  • Åfarnes-Sølsnes 9,5 % 
  • Seivika-Tømmervåg 4,5 % 
  • Eidsdal-Linge 8,6 % 
  • Stranda-Liabygda 9,6 % 
  • Solholmen-Mordalsvågen 0,9 % 
  • Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya 1,9 % 

Hittil i år, til og med oktober, samanlikna med 2019 

Men akkumulert etter dei ti første månadene i 2021 er framleis biltrafikken fire prosent under same periode før Covid-19-pandemien stengte ned Noreg.  

- Hovudårsaka til at vi ligg bak 2019, er lågare tal totalt for dei seks første månadene i 2021. Samtidig er det ei positiv utvikling for køyretøy over seks meter som ligg fem prosent over 2019, seier Stig Helle-Tautra, avdelingsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Av dei ti mest trafikkerte sambanda i fylket, er det berre tre som har ein auke i trafikken i årets ti første månader. Dei tre er: 

  • Åfarnes-Sølsnes 1,7 % 
  • Stranda-Liabygda 2,0 % 
  • Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya 10,9 % 

Av dei ti sambanda med størst trafikk er reduksjonen hittil i år størst på Volda-Lauvstad. Samanlikna med 2019 er nedgangen på 11 prosent. 

Har stor påverknad 

Fylkeskommunedirektøren har i økonomiplana for fylkesvegferjedrifta lagt opp til ei driftsramme, omsyntatt trafikkinntekter, på 657,6 millionar kroner for 2022. Talet på bilar har stor påverknad på inntektene. 

- Til tross for endring i ferjeprisane, ser vi at tala for oktober er betre samanlikna med septembertala, seier Stig Helle-Tautra. 

Snarvegar

Kontakt