Feira skredsikra veg i Eikesdalen

Mange av bygdefolket hadde møtt fram då Møre og Romsdal fylkeskommune inviterte til opningsmarkering for skredsikringsarbeidet i Ågothammaren, torsdag 17. november på Vertshuset Eikesdal.

Skriv ut

Fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen, ønska gjestane velkomne og fortalde om omfanget av skredsikringsarbeidet som vart fullført i haust. 

– Vi er veldig glade for at vi no kan feire at strekninga er blitt betre og sikrare for trafikantane. Det har vært eit omfattande og krevjande skredsikringsarbeid i den 400 meter høge berghammaren, fortalde Tønnesen.

500 meter fanggjerde

Det var i utgangspunktet planlagd montering av 400 meter fanggjerde, men dette blei utvida til 500 meter. I tillegg er det utført fjellreinsk og inspeksjon i fjellsida ovanfor fanggjerda, og reinsking og bolting av vegskjæringa. Det er òg montert nytt autovern og lagt nytt asfaltdekke. Kostnaden for prosjektet er 36,3 mill. kroner

– Innbyggarane har vore tydelege på at dei ønsker seg tunell, og det er ikkje tvil om at det er ei meir endeleg løysning for skredsikring, men dette er likevel eit godt tiltak, som gjer det langt tryggare å ferdast på strekninga rundt Ågothammaren, sa Tønnesen under markeringa. 

Fanggjerda er seks og sju meter høge, og 300 meter av gjerda er 5.000 kJ-gjerde – konstruert for å tole krefter som svarer til energien av ein 16 tonn lastebil i 90 km/t.

Tønnesen forklarte at det framleis kan kome stein frå fjellsida: 
– No har det vore mykje aktivitet der i anleggsperioden, og vatn og stein vil finne nye vegar, men vi forventar at terrenget vil stabilisere seg etter ei tid. Framover er det viktig at vi følger med på utviklinga, slik at vi får gjort oss erfaringar med denne typen tiltak. Dette er tiltak som vi òg kunne tenkt oss å gjennomføre i andre delar av fylket.

Takka bygdefolket

I si tale, understreka leiar av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristin Sørheim, at ho kjenner til behovet for, og ønsket om, tunell på strekninga. Sørheim er likevel glad for at tiltaket  med skredsikringa no er blitt gjennomført, spesielt med tanke på at fylkeskommunen står i ein utfordrande økonomisk situasjon. Sørheim takka òg lokalbefolkninga for at dei har vore tolmodige, trass mange stengingar av Eikesdalsvegen under anleggsperioden. 

Byggeleiar i  Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristian Bjørdal, presenterte bilde frå arbeidet og ga dei frammøtte eit innblikk i erfaringane og opplevingane som fylkeskommunen og entreprenøren Visinor Fjell AS har hatt med prosjektet. 

Leiar i Eikesdal bygdalag, Tove Oppigård, fekk æra av å klippe snora for skredsikringsarbeidet. Ho fekk god hjelp av søstrene Ella Tonette og Emma Torine Ulateig Austigard som hadde møtt fram for å få med seg markeringa.

Fylkeskommunen fekk òg lære frå bygdefolket at prosjektnamnet Ågothammaren eigentleg ikkje er rett – fjellhammaren heiter faktisk Ogåtthammaren, frå «u-gått» – eit beskrivande namn på ein bratt og uframkommeleg fjellhammar.

Kontakt