Fagskolen Møre og Romsdal offisielt opna

Fagskolen i Ålesund og fagskolen i Kristiansund har no slått seg saman til ein felles fagskole, og tysdag var det offisiell markering av den nye Fagskolen Møre og Romsdal.

Skriv ut

Fagskolen Møre og Romsdal vil ha ein rektor, medan studiestadene framleis skal vere i Ålesund og Kristiansund.

Det var fylkestinget som vedtok omorganiseringa i desember 2019. Målet er at ein samla fagskole skal bidra til ei felles utvikling og effektiv drift av fagskoletilbodet.

Fagskolen Møre og Romsdal offisielt opna

Fylkesordførar Tove-Lise Torve klipte snora og erklærte fagskolen for opna - Denne samanslåinga markerer starten på ein ny epoke for utdanningstilboda i fylket vårt. Vi får no ein stor og sterk fagskole med god fagleg tyngde i tråd med næringslivets behov. Dette vil vere viktig for å møte behovet i næringslivet, sa Torve.

Rektor Helene Hankene er glad for samanslåinga. - Med ein felles fagskole i Møre og Romsdal vil vi få eit større og sterkare fagmiljø og studentmiljø. Fagskoleutdanning er viktig for å behalde fagleg kompetanse i fylket. Vi bidreg til å gi næringslivet mellomleiarar, slik at dei kan styrke fagfeltet sitt, sa Hanken.

Leiar i fagskolestyret, Per Ivar Lied var også til stades under opninga. Han opna talen sin med å takke alle dei tilsette og studentane for alt det gode arbeidet det gjer. Vidare presiserte Lied at fagskolen framleis skal ha to lokasjonar, men er organisert som ei eining. – Vi skal gjere ein samla fagskole sterkare, få eit tettare samarbeid med næringslivet, og etablere nye fleksible tilbod, sa Lied.

Gode søkartal

Det har vore ein del spenning knytt til årets søking grunna omorganiseringa, men fagskolen er stolte av å ha dei beste søkartala på lenge. Boring, anlegg, automatisering, bygg og elkraft har hatt størst oppgang, medan automatisering har hatt ei dobling i søkartala. Fagskolen Møre og Romsdal har til saman 13 studietilbod - 10 studietilbod er heiltidsstudium og tre er deltidsstudium. Neste veke kan Fagskolen Møre og Romsdal ønske velkommen til heile 420 studentar.

Snarvegar

Kontakt