Får bruke tunnel på Nordøyvegen til test av nytt produkt

Møre og Romsdal fylkeskommune stiller ein av tunnelane på Nordøyvegen til disposisjon for å prøve ut eit nyskapande kvelv for vatn- og frostsikring.

Skriv ut

Heilt sidan slutten av 70-talet har det i kvelv på tunnelar vore vanleg å montere PE-skum i kvelvet, som deretter sprøytes med store mengder betong. No har hovudentreprenøren på Nordøyvegen, Skanska, søkt om å få bruke Burbergtunnelen til å teste ut eit nytt produkt.

Det er selskapet Foamrox AS som har utvikla ei ny løysing for kvelv i tunnelar, som i sum skal gi positiv miljøgevinst:

  • Redusert betongmengde, og CO2-utslepp
  • Betre estetikk inne i tunnelen
  • Meir effektiv drift knytt til tunnelvask
  • Svært låg vekt (mindre enn 10 prosent av betongelement med same geometri), som vil utgjere mindre fare dersom element skulle falle ned i vegbanen

For å få bruke Foamrox i tunnelar, må Skanska søke om fråvik frå vegnormalen for tunnelar. I juni ga Vegdirektoratet tommelen opp for at Nordøyvegen-prosjektet legg til rette for nyskapande produkt: «Fylkeskommunen har full fagleg støtte i Vegdirektoratet for denne haldninga», skriv Vegdirektoratet. Nyleg har også samferdselsutvalet i Møre og Romsdal sagt ja til søknaden om fråvik.

Byggeleiar for tunnel på Nordøyvegen-prosjektet, Bjørnar Moen, understrekar at det ikkje er sikkert at Foamrox blir brukt i Burbergtunnelen, og at kva vatn- og frostsikring som brukast ikkje har noko å seie for prosjektet Nordøyvegen. Men han liker tanken om at Foamrox er raskare å montere og at klimaavtrykket er mindre enn med bruk av PE-skum. Derfor er også prosjektleiinga positive.

- Det er ikkje viktig for oss, og vi kunne klart oss med PE-skum og sprøytebetong. Men Foamrox ønsker å kome på marknaden med eit nytt produkt, og vår rolle er å gi dei moglegheit til å teste produktet i ein tunnel som er egna, fordi tunnelen er så kort som han er, seier Moen.

Det er 70 meter tunnel som skal bli kledd med vatn- og frostsikring.

- Foamrox blir laga av gjenbruken glas, er eit returprodukt og er ikkje brennbart. I dag set vi opp brennbart PE-skum, og så må skummet sikrast mot brann med bruk av store mengder betong, seier Moen.

Hensikta med å montere kvelv i tunnelar, er å hindre at vatn drypp, sikre at istappar ikkje fell ned i vegbanen og med desse tiltaka sørge for ein tørr og lys tunnel.

Ein eventuell bruk av Foamrox får ingen økonomiske konsekvensar for Nordøyvegen, ettersom Foamrox skal leverast til dei same vilkåra som låg i prosjektet frå før.

Snarvegar

Kontakt